Prøv ein kort topptur i Hardanger! Lilletopp i Tyssedal har fantastisk utsikt over Hardangerfjorden. På toppen er det kafé med handverkskaffi, sveler og pølser i brød.
BookingTa ein kort topptur med makelaus utsikt i Hardanger! Lilletopp i Tyssedal ligg herleg til mellom dei to nasjonalparkane Hardangervidda og Folgefonna. Her kan du sitja på kanten av berget og sjå utover det praktfulle fjordlandskapet i Sørfjorden. Det som gjev turen det vesle ekstra, er det freda kraftanlegget med voktarbolig på Lilletopp og rallaren sitt rike inni fjellet.
OM TUREN (ca. 45 minutt ein veg)
Parkering ved Tyssohallen Du går femten minutt på veg, før du tek stien ein halv time over skarv og i trapper i historiske omgjevnader. Utsikta er fantastisk heile vegen, og du går heile tida tett på kulturminne som fortel om det visjonære arbeidet med å skaffa elektrisk kraft tidleg på 1900-talet. Du går på eiga hand frå parkeringa og opp til Voktarboligen på toppen.