Kraftmuseet
Få meir for mindre

Sommarpass for musea i Hardanger

I sommar har du høve til å oppleva meir kunst, kultur, historie og poesi langs Hardangerfjorden og på Voss – til ein lågare pris.

rose
rose

Folgefonnsenteret, Hardanger og Voss museum, Haugesenteret og Kraftmuseet har til saman 10 ulike museum i regionen. Med Sommarpasset deira vert det rimelegare for deg å besøka musea deira på Voss og i Hardanger.

Slik fungerer det:

Sommarpasset får du utlevert hos det første museet du besøker. Der kjøper du inngangsbillett til full pris, så får du halv pris hos dei andre musea*.

Om du reiser saman med andre, kan du få eitt pass som gjeld for heile familien. Hugs å ta med Sommarpasset, det må du visa for å få halv pris.

Passet kan berre nyttast éin gong per museum.

Sommarpasset får du i perioden 1. mai – 1. september.

1 Sommarpass kart og kort web
rose

HAUGESENTERET

På poesimuseet i Ulvik kan du oppleva dikt og lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser. Utstillinga rommar fortellingar knytt til dikt av Olav H. Hauge (1908–1994) og andre verdspoetar, og gir opplevingar for både born og vaksne.

Opningstider: nynorsk.no eller ring 40 43 60 95.

rose

HARDANGER OG VOSS MUSEUM

(Agatunet - Kunsthuset Kabuso - Hardanger fartøyvernsenter - Hardanger folkemuseum -Voss folkemuseum m. fl.)

Opplev alt frå baking i idylliske tun, til båtliv, kunst og fargespel hjå oss. Kle deg ut, bli ein riddar, spikk ein båt og sjøsett den. Dei har aktivitetar for store og små.

Opningstider: hardangerogvossmuseum.no eller ring 40 43 41 00.

rose

KRAFTMUSEET - LILLETOPP - KRAFTLABEN

Lev deg inn i historia i kraftstasjonen i Tyssedal, gå i rallarens fotspor til Lilletopp, og leik deg til læring i vitensenteret i Kraftlaben.

Opningstider: kraftmuseet.no eller ring 53 65 00 50.

rose

FOLGEFONNSENTERET

I den interaktive utstillinga kan du sjå og læra om livet i Hardangerfjorden, naturmangfald, berekraftig bruk av naturressursar og klimaendringar før og no. På senteret finn du også Besøkssenteret for Folgefonna nasjonalpark.

Opningstider: folgefonnsenteret.no eller ring 53 48 42 80.

7web Folgefonnsenteret
9 Utsikt fra vindauga pa Lilletopp Foto Anne Gravdal
Kraftmuseet
8 Haugesenteret Andre Hustoft Nesheim 2022 23
6 web Ingebrigt Vik parken Fjordmoods
1 Fartoyvernsenteret kred visithardangerfjord
10 Agatunet