Dei flottaste turane i regionen

WEB Brevandring folgefonna x Yrjan Olsnes 2021 04235
Åsmundbakke

Det florerer av fine turar i Hardanger. Kombinasjonen av fjell, fjord og fonn gjev eit hav av moglegheiter. Her får du nokre tips til kva turar du bør velja når du befinn deg i Jondal eller området rundt.

rose

– Kontrastane er unike. Avstanden mellom fjord og bre er så kort, og du får ein voldsom variasjon i naturopplevinga på kort tid. Du treng med andre ord ikkje å tilbringa fleire veker for å oppleva kontrastane på ein god måte.

Utallige turmoglegheiter

Det seier Åsmund Bakke frå Folgefonni Breførarlag. Breføraren frå Jondal har tilbrakt tusenvis av timar både på fjorden, i fjellet og på isbreen Folgefonna. Med andre ord; få har betre oversikt over kva turar du bør oppleva når du vitjar regionen.

– Du har veldig mange forskjellige alternativ – både sommar og vinter. Det beste er at du finn noko for alle. Alt frå enkle turar som passar med barnevogn, til lange dagsturar i krevjande terreng, seier Bakke.

Og for å gjera det enkelt for deg, har den rutinerte friluftsmannen plukka ut fire av dei beste turane i Hardanger.

rose

– Det er vanskeleg å koma utanom ein tur til Saksaklepp. Det er den høgaste fjelltoppen i Jondal. Frå toppen ser du Folgefonna, fjorden og store deler av Hardanger samstundes. Dette er rett og slett ein fantastisk tur.

rose

Når Bakke ikkje går turar på bar mark, er han som regel å finna på breen. Guida turar på Folgefonna har vore eit fast innslag sidan storebroren Jostein og kameraten Bård starta Folgefonni Breførarlag på midten av 90-talet. Breførarane står klare for å gje deg ei verkeleg unik naturoppleving i sommar.

– Dette er den mest populære turen vår. Den blir tilpassa til kva gjestene ynskjer og passar for alle mellom 7 – 80 år. Her får du verkeleg oppleva isbreen på sit flottaste. Turen startar frå det nye velkomstsenteret på Folgefonna og tek om lag 5-6 timar. Du kan velja å gjera det enkelt med ein rolig vandretur, men du får også moglegheita til skikkeleg isklatring i 30 meter djupe bresprekker om du ynskjer det.

rose

– Å padla i fjellvatn der isen kjem buldrande ned, er ei eventyrleg oppleving. Det blir ikkje vakrare. Isbrekajakk er verkeleg noko for seg sjølv. I tillegg til å oppleva Folgefonna frå isvatn, tek Bakke & Co med seg gjestane opp på sjølve breen når det er mogleg. Også på denne turen, som tek 6-8 timar og startar på Møsevatnet, er det ikkje nødvendig å vera i toppform. Sjølve padlinga er enkel og det er ikkje meir enn nokre meter å gå frå kajakken til du er på isen – dei gongane dette er mogleg.

rose

– Dette er ein fin og roleg tur der du faktisk kan lesa og føla på opphavet til Hardanger. Her har dei funne spor av menneske 9.000 år tilbake i tid. Turen er godt merka, inneheld fleire informasjonsskilt og passar for alle (grøn kategori).

Sjå alle

Fleire reisetips