– Me bur midt i tusen moglegheiter

5 VB Xglyg 2 MB

Lokale delikatesser, brevandring, fotturar og spektakulær natur. Den lokale eldsjela Elisabeth Wesenlund Hauge har mange innsidetips til dei som ynskjer å vitja regionen hennar.

rose

– Min tanke er at dersom det er fint å bu her, er det også fint for turistane som vitjar oss. Eg føler me bur midt i tusen moglegheiter.

Eldsjel

Lokalpolitikar, bonde, turistvert og matprodusent, og det berre for å nemna noko. Elisabeth Wesenlund Hauge (41) er ein harding med mange jern i elden. Drivkrafta er å skapa utvikling for lokalsamfunnet ho har vore ein del av heile livet. Ho vil rett og slett gje noko tilbake. Både til samfunnet, men også til turistane – slik at dei får ei så god oppleving av Hardanger som mogleg.

rose

Saman med ektemannen Bjørn og borna Brita, Gina og Ola, gjer ho akkurat dette. Frå Nasjonalparkgården på Buer i Odda, Ullensvang Kommune, tek familien imot om lag 30.000 turistar kvart einaste år. Nokre av dei vil helsa på høglandsfe, sauar, grisar eller høner. Andre går gjennom hagen og vidare til Buerbreen eller Reinanuten. Og med nye tilbod som gardsutsal og guida turar på isbreen, manglar det ikkje på store opplevingar for dei som vitjar Buer og Nasjonalparkgården til Elisabeth & familien. Alternativa er mange.

– Me driv med landbruk og reiseliv på ein måte som er veldig knytt saman. Uansett om det er maten, naturen, dyra eller andre ting som motiverer reisa, så får me moglegheita til å dela det beste Buer har å by på til turistane i Hardanger. Sjølv om barnefamiliar er hovudmålgruppa til Nasjonalparkgården, har me no tilbod som kan freista dei fleste.

– Det kjekkaste er at eg får gjera dette saman med familien, seier Elisabeth.

Som eit ideelt startpunkt for fleire flotte fotturar og store naturopplevingar, har Buer vore eit ynda reisemål så lenge det har vore turistar i Hardanger. Det gjer at vertskapsrolla til familien er langt frå ny. I generasjonar har innbyggjarane på Buer kome med gode ferietips til folk som vitjar regionen. No har Elisabeth og familien overtatt stafettpinnen. Dette er eldsjela sine beste innsidetips før du tingar ferie i Hardanger.

rose

– Dette er ein litt ukjent skatt. Lilletopp og Kraftmuseet er ope og tilgjengeleg, og turen til Lilletopp er fantastisk. Det tek under 1 time å gå, men det mest spanande er at du kan gå inn i sjølve fjellet og oppleva vasstunellane til den gamle kraftstasjonen.

rose

– Gud hjelpe meg så flott det er å køyra vestsida av Sørfjorden og ta gamlevegen mellom Utne og Jondal. Dette er ein strålande tur, og langs strekninga er det fleire sidergardar, badeplassar, pizzeria i Herand og nydeleg kulturlandskap.

rose

– Dette er eit fantastisk tilbod som verkeleg er lett å anbefala til andre. Perfekt for småbarnsfamiliar!

rose

– Saunaen på Børve er ei kjempefin oppleving! Her kan du slappa av med vener, hoppa frå brygga og nyta Hardanger på sitt vakraste.

Sjå alle

Fleire reisetips