Fin rundtur ved Vøringsfossen

Rundtur ved Vøringsfossen, inkludert både gamlebrua og den spektakulære trappebrua.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse

Om

Parker ved hovudparkeringa ved Fossli Hotel (om lag 20 minutt frå Eidfjord sentrum).

Gå turstiane rundt Vøringsfossen-området. Desse inkluderer den spektakulære trappebrua og utsiktsplattformane nedanfor Fossli Hotel. Nytt i år er utsiktsplattformer på høgre sida nedanfor trappebrua heilt til Fossatromma parkering, rett ved riksveg 7.

Me anbefaler 0,5-1,5 timar for turen rundt Vøringsfossen-området. Turen er ikkje vanskeleg, men delar kan vera glatte, så gode joggesko er nødvendig.

Vår anbefaling: start ved parkeringa på Fossli, gå til utsiktsplattformene nedanfor Fossli Hotel, og følg stien til venstre, ned mot trappebrua. Ikkje kryss trappebrua enno, men fortsett på stien til den gamle steinbrua (1915), følg den gamle vegen og ta til høgre og fortsett ned trappene til elva. Det er eit fint utsiktspunkt rett nedanfor trappebrua. Deretter fortsett til trappebrua, gå forbi brua til venstre for å nyte utsikta frå dei nye utsiktsplattformene. Gå vidare langs utsiktspunkta ved Fossatromma til den gamle vegen. Gå tilbake til trappebrua, kryss brua og fortsett tilbake til parkeringa ved Fossli.

Alternativt kan du parkere på den nye parkeringa på Fossatromma og gå turen i motsett retning.

Frå den gamle vegen ved Fossatromma kan du gå om lag 2 km ned Måbødalen til stien som fører til botnen av fossen. Du kan gå til den gamle brua som kryssar elva nedanfor fossen, men brua er stengd grunna dårleg tilstand, så vennligst ikkje forsøk å krysse den.

Gradering
Natur og terreng
Sesong
Varighet

Kart