I Hardanger finn du den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Når du står på platået og svevar 700 meter over Ringedalsvatnet, er det lett å forstå kvifor turistar frå heile verda kjem for å oppleva Trolltunga.
Trolltunga, Dronningstien, Bondhusvatnet, Oksen. Det manglar ikkje på kjende fotturar i Hardanger. Her i regionen finn du nemleg fleire av dei mest populære og fantastiske fotturane i heile Noreg.
Fjordsafari med gardsbesøk, private fjordcruise, fartsfylte ribbåtturar og meditativ kajakkpadling - Med 179 km fjord er det opplevingar i fleng å utforske på Hardangerfjorden.
Hardanger-regionen blir kalla «the kingdom of waterfalls», og det er ikkje utan grunn. I Hardanger finn du fleire av dei mest spektakulære fossane i heile Noreg.
Opplev fleire hundre tusen frukttre i full blomstring i Hardanger om våren. Eit vakrare syn skal du leita lenge etter.
Når sommarens snøsmelting har gjort sitt, står isbreen att i all si prakt - krystallklar, djupt blå og dramatisk. Kombiner brevandring med andre opplevingar i Hardanger, og gjer hausten om til eit uforgløymeleg eventyr!