8 fjordcruise hardangerfjord hardanger fjord cruise sightseeing
004 bretur folgefonna taulag bre fjell
04 bretur folgefonna gruppe isvegg juklavassbreen
05 bretur folgefonna under brekanten yrjan olsnes
Yrjan Olsnes 0587

Bretur på Folgefonna — dagstur frå Bergen

Bussen rullar ut frå Bergen medan byen framleis søv. Framfor deg ligg Hardangerfjorden og ein isbre.

Frå turistbåten ser du fjella stiga rett opp frå Hardangerfjorden.

Stegjerna grip tak. Kvart steg knakar mot isen.

Lunsj på breen — med Hardangerfjorden hundrevis av meter under deg og Nordsjøen langt i vest.

Når ein har stått der oppe, skjønar ein kvifor folk har late seg leia over Folgefonna i over hundre år.

Éin dag. Buss frå Bergen, turistbåt over Hardangerfjorden, og ein guida tur på den blå isen på Folgefonna — Noregs tredje største isbre. Heile turen bookast samla, og du treng ikkje bil.

rose

Frå Bergen til breen

Dagen startar tidleg på busstasjonen i Bergen. Bussen tek deg gjennom vestlandslandskapet til Norheimsund, der du går om bord i turistbåten som kryssar Hardangerfjorden. Fjella rundt fjorden kjem nærare jo lenger inn du kjem, og lufta kjølnar merkbart.

Frå kaien i Herand tek ein ny buss deg opp den svingete Folgefonnvegen — 19 km frå fjorden til den gamle sommarskistasjonen, nesten 1200 meter over havet. Du passerer fossar og elvestryk langs vegen, og landskapet skiftar frå frodig fjordside til opent fjellterreng på under ein halvtime. Når du stig av bussen, er lufta kaldare og stillare. Juklavassbreen ligg framfor deg.

20190617 BATOGSANN Simon Sjokvist 007
rose

Ut på den blå isen

Folgefonni Breførarlag har leia folk ut på denne isen sidan 1994. Du får stegjern, sele, hjelm, isøks og fjellstøvlar — alt er inkludert. Dei første stega med stegjern kjennest uvante, men etter nokre minutt sit det. Jernet bit seg fast i isen, og du høyrer ei låg knaking under føtene.

Juklavassbreen har både flate, lettgådde isflater og brattare parti med opne sprekker der blåfargen i isen er så tett at han nesten lyser. Når gruppa kjem opp på isen, deler førarane folk inn etter form og lyst: nokre går langt og utfordrande, andre tek det rolegare og brukar tida på å sjå seg om.

Sjølve bilturen tek om lag fire timar. Midt på turen set du deg ned på isen til lunsj — med Hardangerfjorden langt under deg, fjella rundt og Rosendalsalpane i sør. På klare dagar ser du Nordsjøen i vest. Føraren fortel om korleis isen har forma landskapet, om klima og lokal historie, og svarar på det du måtte lura på.

01 bretur folgefonna kred Marvin
08 bretur folgefonna startpunkt skisenter yrjan olsnes
07 Johan Haugsrud DSC01910
07 DMS Folgefonni Breforlag
rose

Heimvegen — med eit stopp bak ein foss

Etter turen tek bussen deg ned att til Herand, og turistbåten fraktar deg tilbake over fjorden til Norheimsund. Her har du om lag femti minutt til å strekkja på beina. Tek du ein tur til Steinsdalsfossen — ein av dei få fossane i Noreg du kan gå bak — rekk du bussen vidare derifrå. Så er det siste etappe tilbake til Bergen, med fjella og fjorden i kveldslyset. Du er tilbake i Bergen om kvelden — med ein dag du ikkje kjem til å gløyma.

Steinsdalsfossen 0669
rose

For kven?

Aldersgrensa er ti år, og du treng ingen breerfaring — berre vanleg god form og klede som toler vêr. Sidan gruppene blir delte etter form, passar turen både for den spreke og for den som helst vil gå rolegare. Ta med varme, vind- og vasstette klede, hanskar, solbriller, solkrem, niste og drikke, og ein sekk med plass til utstyret. Matpakke kan tingast på førehand.

rose

Meir å gjera med Folgefonni Breførarlag

Dagsturen frå Bergen er éin måte å oppleva Folgefonna på. Har du eigen bil eller vil overnatta i Jondal, tilbyr Folgefonni Breførarlag òg brekajakk på eit fjellvatn inntil brefronten, fjordkajakk på Hardangerfjorden, isklatring med eigen førar og elsykkel langs brevegen.

Pris, rutetider og booking av dagsturen med buss frå Bergen: bookhardanger.com

Ofte stilte spørsmål

Blue Ice Hike er ein naturoppleving, ikkje ekstremsport. Sjølve bituren på isen tek om lag fire timar, og førarane deler deltakarane inn etter form og lyst. Den hardaste biten er stigninga opp snøfonna — etter det flatar det ut. Du treng ingen breerfaring, berre vanleg god form. Aldersgrensa er ti år, og familiar er eit vanleg syn på isen. Turen er ikkje tilrådd for rullestolbrukarar, gravide etter tredje månad, eller folk med hjarte- eller kneproblem.

Stegjern, isøks, sele, hjelm, tau og fjellstøvlar får du låna — det er inkludert i prisen. Du må sjølv ha med varme, vind- og vasstette klede, hanskar, solbriller, solkrem, niste og drikke, og ein sekk med plass til utstyret. Har du ikkje gode ytterklede, kan du leiga eller kjøpa det på staden. Matpakke kan tingast på førehand.

Ein isbre ser roleg ut, men under overflata kan det liggja sprekker som er dekte av snø. Ein førar veit kvar det er trygt å gå, sikrar gruppa med tau og finn ruta etter forholda den dagen. Det er nettopp difor turen kan tilpassast alle: føraren les både isen og gruppa.

Ja. På vegen tilbake har du om lag femti minutt i Norheimsund, nok til å strekkja beina ved Steinsdalsfossen — ein av dei få fossane i Noreg du kan gå bak. Vil du bli lenger i Hardanger i staden for å reisa heim same kveld, ligg Bondhusdalen, Baroniet i Rosendal, og Hardangerfjorden sjølv innan kort rekkevidde frå Jondal.

Busspakken frå Bergen går frå 22. juni til 9. august. Etter dette kan du framleis gjera breturen — ta buss linje 930 Bergen–Jondal og book «Pick-up service» saman med breturen. Returbuss frå Jondal kl. 18:20 (linje 930). Bresesongen varer til vinteren kjem tilbake, vanlegvis ut i oktober. Sjå bookhardanger.com for oppdaterte datoar og pris.

Ja. Startpunktet er Folgefonnvegen 1830, Jondal — om lag 30–40 minutt med bil frå Jondal sentrum. Det er parkering ved sommarskisenteret der turen startar. Ullensvang kommune tek 150 kr i bompengar for vegen. Frå Bergen tek køyreturen vel to timar inkludert ferja. Vegen opp er smal og svingete, men asfaltert heile vegen.

Turen går i nær sagt alt slags vêr; vêret er ein del av opplevinga, og turen blir tilpassa forholda. Berre sterk vind og torevêr med lyn fører normalt til avlysing. Då får du pengane tilbake.

For dagsturen kan du avbestilla inntil 24 timar før og få alt tilbake. Seinare avbestilling gjev ikkje refusjon. Må Folgefonni Breførarlag avlysa på grunn av vêr, får du alltid alt tilbake.

Andre kjekke opplevelser

Sjå alle

Fleire reisetips