Hardangerfjordekspressen

Hardangerfjordekspressen tek deg med frå Bergen til Rosendal, der du kan besøke Baroniet med sin storslåtte rosehage, eller du kan få med deg interaktive utstillingar på Folgefonnsenteret.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Hardangerfjorden cruise frå Bergen, går gjennom vill og vakker natur - og er ei oppleving i seg sjølv. Båten stoppar på Flesland kai og på Os til og frå Rosendal.

Båten går to gonger om dagen, på kvardagar, frå Strandkaiterminalen. Billettar får du kjøpt om bord eller hos Turistinformasjonen i Bergen. Billettar kan du også kjøpe på rodne.no; https://rodne.no/fjordcruise/fjordcruise-til-hardanger/  - nytt denne linken i staden for den som ligger på «bookingsida».

Under to timar med båt frå Bergen ligg vakre Rosendal, omgitt av majestetiske fjell, fjord foss og bre. Ein kan kombinere fjord-cruise (fjordcruise) med kulturelle opplevingar på Folgefonnsenteret, Baroniet og Galleri Guddal. Dersom ein ynskjer naturopplevingar kan ein gå ein tur i steinparken, padle brekajakk - oppleve isbreen på tett hald, eller nytte seg av ein av dei mange turløypene i området. Hardangerfjordekspressen korresponderer også med buss vidare til Odda som er startpunkt for turen til Trolltunga.

Sommartider og vintertider  frå kr: 633,- (t/r) Prisar

Aktiviteter
Sesong

Kart