2 Yrjan Olsnes Baroniet 4
3 Baroniet kred Visit Hardangerfjord 28
4 Yrjan Olsnes Galeri Guddal 4969
5 Guddal Gjoa
1 Yrjan Olsnes Folgefonnasenteret

Opplev Rosendal — slott, kunst og fjord

Fjorden smalnar, fjella stig. Så opnar Rosendal seg.

Rosehagen, muren, slottet — fleire hundre år med historie, og det kjennest i kvart steg.

Her er ikkje det gamle sett til side for det nye. Det er framleis der du søv, et og slår deg til ro.

Du hadde kanskje ikkje sett av tid til kunst. Dei beste opplevingane er gjerne dei du ikkje planla.

Det var berre tenkt som ein dag. Men Rosendal gir sjeldan berre éin grunn til å koma tilbake.

Eit slott, eit galleri og fjella som stig rett opp frå bygda — alt på same staden. Rosendal er ein stad der du kan eta middag laga på fjordfisk og hardangersider, stå framfor samtidskunst i ei tusenårgammal låve, og runda av med eit bad i fjorden. Alt på éin dag.

rose

Å koma til Rosendal

Rosendal ligg ved fjorden under Folgefonna, og du kan koma hit på fleire vis. Med bil køyrer du via Jondalstunnelen eller tek ferja Gjermundshamn–Årsnes. Vil du gjera reisa til ein del av opplevinga, går Hardangerfjordekspressen frå Bergen inn fjorden på om lag to timar og legg til kai midt i sentrum.

Bur du allereie på Rosendal Fjordhotel eller Avlsgården, er du alt midt i det — og kan starta dagen i ditt eige tempo.

1 Yrjan Olsnes Folgefonnasenteret
rose

Baroniet Rosendal — rosehage, omvising og kulturprogram

Frå sentrum er det ein kort spasertur opp til Baroniet Rosendal — Noregs einaste baroni og Skandinavias minste slott. Hovudbygget frå 1665 har vore i samanhengande bruk sidan det stod ferdig, og er ope for guida omvising gjennom sommaren, med turar på norsk og engelsk kvar halvtime i høgsesongen. Inne er Baroniet ikkje berre eit museum — du går gjennom ein heim, frå Den Røde Sal til biblioteket med fleire hundre år gamle bøker, mellom møblar, måleri og lysekroner.

Utanfor ligg Rosendal Have — ein renessansehage med geometriske bed, kjøkkenhage og veksthus. Rosene står i full blom i juni og juli, og urter og bær frå hagen vert hausta og brukt i Baroniet sine restaurantar.

Rosendal Havecafé serverer lunsj laga på råvarer frå kjøken- og urtehagen, med sitjeplassar inne i drivhuset — med utsikt mot slottet og Malmangernuten — eller ute når vêret tillet det.

Gjennom sommaren byr Baroniet på eit rikt kulturprogram med konsertar i Riddarsalen og Borggarden, teater og foredrag. Det er lurt å bestilla billettar på førehand, særleg i juli og august.

Yrjan Olsnes Baroniet 5143
Yrjan Olsnes Baroniet 5152
Yrjan Olsnes Baroniet 5
2 Yrjan Olsnes Baroniet 4
rose

Foss, fjell og steinpark

Etter lunsjen i drivhuset ber ein kort, flat spasertur deg til Hattebergsfossen — nær nok til å høyra fossen bruse, men ikkje så langt at det et opp halve dagen. Tilbake i sentrum ligg Steinparken med steinskulpturar, Dinosaurhuset og geologiutstillingar, gratis og open året rundt, medan Rosendal Putballpark like ved har fotballgolf på ni banar.

Vil du høgare, startar Malmangernuten (890 moh) rett frå Fjordhotellet — fire timar tur-retur, og fjordane opnar seg meir for kvart steg oppover.

Yrjan Olsnes 2355
Steinparken Rosendal 1
Yrjan Olsnes Malmangernuten 4747
rose

Frå samtidskunst til Folgefonna

Nokre kilometer sør for sentrum ligg Galleri Guddal — eit galleri i ei ombygd låve på eit klyngetun som er over tusen år gammalt. Galleriet viser seks til sju utstillingar kvart år med kunstnarar av nasjonalt format, og i butikken finn du verk frå over 70 kunstnarar. Har du gått deg gjennom utstillingane, ventar Kafé Gjøa i same bygget med kaffi og heimelaga kaker. Galleriet er ope fredag til søndag. Du kan køyra eller sykla, men turen til fots er verd å ta seg tid til — ein lett kombinasjon av sti og grusveg gjennom ope kulturlandskap.

Tilbake i sentrum ligg Folgefonnsenteret, der du også finn turistkontoret. Senteret har 18 interaktive stasjonar om Folgefonna Nasjonalpark, vasskretsløp og bre, og Skalurensamlinga — eit lite båtbyggingsmuseum inkludert i billetten. Eit godt stopp for å orientera seg om kva meir området har å by på.

Har du framleis litt tid, kan du unna deg ein matpause på Elins Matgleder midt i sentrum.

Yrjan Olsnes Galeri Guddal
4 Yrjan Olsnes Galeri Guddal 4969
Yrjan Olsnes Galeri Guddal 4995
Yrjan Olsnes Folgefonnasenteret 4896
rose

Bli i Rosendal

Når dagen roar seg, treng du ikkje reisa nokon stad. Rosendal Fjordhotel ligg nede ved vatnet, med rom mot fjord og fjell, badstue ved fjordkanten og ein restaurant der Jon Aga lagar maten på fjordfisk, eple og sider etter sesong. På baroni-området ligg Avlsgården og Fruehuset — rom i gamle, verna bygningar, med frukost i det opphavlege kjøkkenet og fleire hundre år i veggene. Det eine byr på fjord og moderne ro, det andre på ei natt midt i historia.

Blir du verande ein ekstra dag, er det meir å ta av. Legg ut på tur til Melderskin (1426 moh) med start midt i Rosendal sentrum, eller ta turen til Bondhusvatnet og vandra innover mot breen. Folgefonni Breførarlag tek deg med på guida bretur eller isbrekajakk på Folgefonna. Og heilt ute på fjorden ventar Salmon Eye — eit flytande opplevingssenter du når med heilelektrisk båt frå Rosendal.

Yrjan Olsnes Rosendal Fjordhotell
Yrjan Olsnes Rosendal Fjordhotell 5202
Yrjan Olsnes Rosendal Fjordhotell 5368
Yrjan Olsnes Hotell Avlsgarden 5085
Yrjan Olsnes Hotell Avlsgarden 5091
Baroniet kred Visit Hardangerfjord5
Baroniet kred Visit Hardangerfjord 50
Yrjan Olsnes Hotell Avlsgarden 5415
rose
VISSTE DU?

Klyngetunet på Guddal, der galleriet ligg i dag, hadde på det meste 54 hus — og er eit av svært få bevarte klyngetun att i Noreg. Tunet er over tusen år gammalt.

Opplev meir i Rosendal

Tursti til Melderskin
Aktiviteter

Tursti til Melderskin

Turen til Melderskin startar frå Rosendal sentrum i Kvinnherad. Turen opp tar ca. 4 timar, og frå den 1426 meter høge toppen har du storslått utsikt over havet, fjorden, fjellandskapet og delar av Folgefonna.

Bondhusvatnet
Attraksjoner

Bondhusvatnet

Bondhusvatnet nær Sundal i Kvinnherad kommune er eit ynda turmål og turen til brevatnet er blant dei mest populære fotturane i Hardanger regionen. Turen er lett og kort, og du kan gå den nærmast heile året.

Glacier Kayak -Folgefonni Breførarlag
Aktiviteter

Glacier Kayak -Folgefonni Breførarlag

Ein unik padletur mellom isfjell og mektig natur inn til Folgefonna isbre. Bli med på brekajakk og opplev isbreen det krystallklare på tett hald.

Blåistur Blue Ice Hike - Folgefonni Breførarlag
Aktiviteter

Blåistur Blue Ice Hike - Folgefonni Breførarlag

Opplev blåis på Folgefonna! Folgefonni Breførarlag tar deg med til Juklavassbreen, ein bretur med panoramautsikt over fjord og fjell. På denne brearmen er det både spennande bresprekker og flat is.

Salmon Eye - Verdas største flytande kunstinstallasjon
Attraksjoner

Salmon Eye - Verdas største flytande kunstinstallasjon

Lær meir om havnæringa hjå Salmon Eye, verdas største flytande kunstinstallasjon som ligg midt ute på Hardangerfjorden.

Hardangerfjordekspressen Rødne
Aktiviteter

Hardangerfjordekspressen Rødne

Hardangerfjordekspressen tek deg med frå Bergen til Rosendal, der du kan besøke Baroniet med sin storslåtte rosehage, verdas største kunstinstallasjon Salmon Eye, få med deg interaktive utstillingar på Folgefonnsenteret, og mange fleire fantastiske opplevingar!

Baroniet Rosendal Avlsgård og Fruehus
Overnatting

Baroniet Rosendal Avlsgård og Fruehus

Sov i historiske omgjevnader hjå Baroniet Rosendal Avlsgård og Fruehus – eit unikt overnattingstilbod tett på den vakre naturen i Rosendal.

Rosendal Fjordhotel
Overnatting

Rosendal Fjordhotel

Opplev den spektakulære kombinasjonen av fjord, fjell og kultur hjå Rosendal Fjordhotel – eit moderne hotell med fantastisk beliggenheit ved Hardangerfjorden.

Sjå alle

Fleire reisetips