Turen til Melderskin startar frå Rosendal sentrum i Kvinnherad. Turen opp tar ca. 4 timar, og frå den 1426 meter høge toppen har du storslått utsikt over havet, fjorden, fjellandskapet og delar av Folgefonna.
Stad
Rosendal
Turomtale
Frå P-plassen 300 m langs vegen, før stien svingar opp mot Skarshaug.
Stien går først i utmark og blandingsskog. Over tregrensa følgjer stien små rygger og dalar, dei spesielle Rindane. Første toppen, Skarshaug, er halvvegs til Melderskin. Siste stykket opp hit har sherpaer frå Nepal sikra med trapper. Flott utsikt. Dalen mot søraust er Hattebergsdalen, ein viktig innfallsport til Hattebergvassdraget og Folgefonna nasjonalpark. Vidare oppover blir underlaget meir stein og lite vegetasjon. Ei uventa oppleving er moseteppet og det friske kjeldevatnet i Holo. Her ligg ofte snøfonnene heile sommaren.
Varden på det flate topplatået er bygd av Norges geografiske oppmåling i 1913. Storslått utsikt mot havet, fjordar og fjell, og Folgefonna.
Melderskin vert ofte kalla ”Dronninga blant hordalandsfjella”.