Overnatting i eit idyllisk gardstun like ved sentrum i Uskedalen.
Høgt over bygda Uskedalen, med fantastisk utsikt til fjorden, dalen og dei spektakulære fjella, finn du Dønhaug Gjestegard. Denne historiske garden tilbyr overnatting i idylliske omgjevnader. Her kan du bu midt i naturen og samstundes nyta komforten av moderne fasilitetar i ein varm atmosfære.
Det sjarmerande Gamlahuset på Dønhaug Gjestegard er ei rehabilitert perle frå 1900-talet. Her er det seks doble soverom, og på tre av romma kan det settast inn ekstra senger. Huset har eit romsleg kjøken, ei koseleg stove og to bad – perfekt for familiar eller grupper som vil feriera saman. På garden finn du også ein triveleg uteplass med leikestativ, perfekt for barnefamiliar.
Leiga inkluderer: