Litteraturbåten Epos

Sommaren 2024 vil Litteraturbåten Epos gå i ruta Rosendal-Norheimsund-Øystese. Båten vil gå tur-retur kvar vekedag, og korrespondere med Rødne sin hurtigbåt frå Bergen til Rosendal om morgonen.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Turen:

Nyt ein dag til sjøs i Hardanger på den legendariske Litteraturbåten Epos. Dagen startar frå Rosendal (korresponderer med båt frå Bergen), og Epos går i roleg fart innover fjorden. Me tek inn omgjevnadane og sidan dette er eit litteraturcruise, får ein moglegheita til å sjå heimbygda til nobelprisvinnar Jon Fosse frå sjøen. Undervegs kan ein nyte lokal mat og drikke og ta ein tur i bokhandelen om bord. Båten går til Norheimsund og Øystese, der ein kan gå på land for å oppleve noko av aktivitetane dei to bygdene byr på, før Epos tek deg tilbake til Rosendal. Om ein ynskjer å reise tilbake til Bergen same dag, går det buss frå Norheimsund. Ein kan også ta båten over fleire dagar om ein ynskjer ei overnatting eller fleire på ein av stoppestadane.

Onsdagar:

Kvar onsdag stoppar Epos også i Strandebarm på veg inn og ut fjorden. Strandebarm er heimbygda til Jon Fosse, som vart tildelt Nobels litteraturpris i 2023. Her legg me til i Strandebarm Marina, der ein finn badestrand og kafe, rett i nærleiken finn ein idrettsanlegg og turmoglegheiter. 2 km lenger inne i bygda finn ein Fosse, der Jon Fosse vaks opp. Her ligg også Fosse-huset, med utstillingar og ein liten Fosse-butikk.

Avgangstida frå Rosendal vil korrespondere med båten frå Bergen og med buss frå Norheimsund til Bergen igjen. På den måten kan ein ta dei to båtane som ein rundtur på éin dag. Vidare kan ein med ei overnatting i Norheimsund kunna ta Norled sin turistbåt vidare innover fjorden der den også korresponderer med The fjords båtrute i Sørfjorden.

Frå motsatt side vil ein kunne ta båten til Rosendal for å feriere der, eller å reise vidare derfrå mot Odda og turistbåtane der eller over fjellet mot austlandet. På denne måten vil begge sider av fjorden kunne ha nytte av ruta.

Sesongen vil vere frå 15. juni til 15. september

 

Man, tys, tor, fre:

Rosendal: 10:50
Norheimsund: 14:00
Øystese: 14:20
Øystese: 15:30
Norheimsund: 15:50
Rosendal: 19:00

 

Onsdag:
Rosendal: 10:50
Strandebarm: 12:35
Norheimsund: 14:05
Øystese: 14:25
Øystese: 15:30
Norheimsund: 15:50
Strandebarm 17:20
Rosendal: 19:00

Praktisk:

Det er plass ved kai i Rosendal til av- og påstigning ved sida av Rødne.

I Norheimsund er det plass til av- og påstigning ved turistbåtkaien. Epos vil ikkje vere ved kaien samstundes som Norled sin båt, og kan difor ligge der også dei timane som er mellom ankomst og avgang.

I Strandebarm er det i hovudsak moglegheit for å sleppe folk av og på i båthamna.

Aktiviteter
Arrangementstyper
Museum, gallerier og kunsthåndtverk
Sesong

Kart