Rosendal Putballpark

Spel fotball-golf midt i vakre Rosendal

Booking

Om

Putball (fotball-golf) er eit spel som høver for alle i alle aldrar. Ein treng ikkje dyrt utstyr eller stålkondis for å vere med, og sjølv om det er ein fordel å vere god i fotball, så er det ikkje nødvendig.



Putball er kort sagt golf med fotball. Det er 9 banar, og kvar bane har eit hol. Målet er å få ballen i holet på ferrast mogleg slag (dvs spark). På 4 av banane er det satt opp hinder du må passere før du kan "putte" ballen i holet.

‍Putball er det nye golfspelet med fotballar for heile familien. Kjekt og utfordrande. Ta snarvegen opp frå Skålagato i Rosendal.

Sjølvbetening - betaling med VIPPS

Kart