02 gamar speler ved fjorden nordrepollen
03 campingbil ved fjorden nordrepollen
04 innspeling ved mosevatnet blaadalen
05 fjellvatn i skumring kvinnherad
01 world of warcraft forever dverg og bjorn i dal

World of Warcraft i Hardanger: Kvinnherad som Azeroth

I over tjue år har millionar av spelarar utforska fjella og fjordane i Azeroth. Nokre av dei finst i Kvinnherad.

Ved Nordrepollen er skjermen berre ein liten del av utsikta.

Frå fjorden går vegen bratt opp mot fjellet. For kvar sving endrar landskapet seg.

Ved Møsevatnet er fjorden borte. Att står fjellet, vatnet og breen.

Ein skjerm kan visa deg utsikta, men ikkje kulda i andletet eller stilla mellom fjell og vatn. Når ein har kjent det sjølv, skjønar ein kvifor spelarane kjende seg heime her.

Ein ny serie frå World of Warcraft leitte etter stader i Norden som liknar spelverda. I Noreg enda leitinga i Kvinnherad i Hardanger, der Nordrepollen og Møsevatnet vart valde fordi dei liknar Mount Hyjal og Loch Modan.

rose

Ei spelverd på jakt etter ekte landskap

World of Warcraft er eit nettspel frå Blizzard Entertainment som vart lansert i 2004. Spelarane lagar sin eigen karakter og utforskar fantasiverda Azeroth saman med andre spelarar frå heile verda. Verda er delt inn i soner, kvar med sitt eige landskap av fjell, skogar, innsjøar og fjordar. Få stader står spelet sterkare enn i Norden.

4. november 2026 vart World of Warcraft: Forever lansert, ein ny, permanent versjon av spelet i ei nytolka utgåve av det opphavlege Azeroth. I samband med lanseringa laga World of Warcraft serien The Forever Journey. Ein spesialbygd campingbil full av gaming-PC-ar køyrde rundt i Skandinavia på jakt etter ekte landskap som kunne vore henta frå spelet. I Noreg enda turen i Kvinnherad, på sørsida av Hardangerfjorden.

– Fjordane, fjella og kysten er ikkje berre ei vakker kulisse. Kvart landskap kjennest som om det høyrer heime i Azeroth, skriv Blizzard Entertainment i ei fråsegn.

Med på den norske delen av turen var komikaren og programleiaren Stian Blipp og Twitch-streamarane Snupy og Guzu, som begge streamar World of Warcraft. Dei rigga seg til i campingbilen og spelte med fjorden og fjella rundt seg.

– Ein ventar ikkje nødvendigvis å kjenna att ei slik verd når ein går ut døra heime i Noreg. Så kjem ein til ein stad som dette, med fjella, vatnet og storleiken på alt, og plutseleg gjev koplinga meining, seier Stian Blipp.

06 the forever journey campingbil kvinnherad
rose

Nordrepollen: der fjorden sluttar

Nordrepollen er ei lita bygd innerst i Maurangerfjorden, med nokre få gardar mellom fjorden og fjella. Fjellsidene stuper ned mot smalt vatn, og lenger inn kjem ikkje fjorden. Kjem ein gjennom Jondalstunnelen frå Hardangerfjorden, er det her ein kjem ut i dagen.

Nordrepollen vart vald fordi staden liknar Mount Hyjal, fjellområdet i spelet der verdstreet Nordrassil står.

Vil ein lenger opp, går det ein veg frå bygda til Jukla kraftverk. Derifrå tek det om lag tre timar tur–retur å gå til Botnabreen i Folgefonna nasjonalpark. Ein lettare tur i nærleiken er Bondhusvatnet ved Sundal.

Snupy kjende att fleire soner på éin gong, mellom dei Howling Fjord og Grizzly Hills.

– Landskapet i Noreg endrar seg så brått at du kan svinga rundt eit hjørne og kjenna at du har kome inn i ei ny sone. Det disige vatnet, dei bratte, grøne fjellsidene, den ville nordiske kjensla. Eg er norsk, så dei stadene i spelet har alltid kjenst litt som heime, seier Snupy.

Innspeling langs fjorden nordrepollen
rose

Møsevatnet: høgfjellet under breen

Møsevatnet ligg i Blådalen, i den sørlege delen av Kvinnherad, og her er landskapet eit heilt anna. Det er berg i dagen, ope vatn og ein arm av Folgefonna like ved.

Møsevatnet vart valt fordi det liknar Loch Modan, ei av dei opphavlege sonene i spelet. Loch Modan er kjend for den store demninga Stonewrought Dam, og også Møsevatnet er demt opp. Rundt demninga er det berre høgfjell.

Om sommaren arrangerer Folgefonni Breførarlag kajakkturar over Møsevatnet inn mot breen. Turen startar i Rosendal og tek heile dagen.

– Dra og sjå Møsevatnet! seier Snupy.

World of warcraft forever verdstre i fjellandskap
World of warcraft spelbilete skog og vatn i lilla lys
World of warcraft spelbilete myr i soloppgang
World of warcraft spelbilete tarn under gron himmel
rose

Det skjermen ikkje kan gje deg

Alle tre fortel om noko ein skjerm ikkje kan gje deg. For Snupy handlar det om sansane:

– Spel er flinke til å visa store utsikter. Men dei kan ikkje gje deg kulda i andletet, eller kor stilt det blir når du er omgjeven av fjell og vatn.

Stian Blipp legg vekt på storleiken:

– Det er noko med vill natur som ikkje kan kopierast, verken i eit måleri, eit spel eller eit eventyr. Landskapet får deg til å kjenna deg liten, på den beste måten. Verda kjennest enorm og full av løyndomar.

Gamar i campingbilen world of warcraft kvinnherad
rose

Slik kjem ein dit

Nordrepollen ligg ved fylkesvegen gjennom Mauranger og kan besøkjast heile året. Frå Hardangerfjorden køyrer ein gjennom Jondalstunnelen.

Møsevatnet når ein ved å køyra opp Omvikdalen og følgja skilta om lag 25 kilometer inn i Blådalen. Vegen er ein bomveg, og den siste delen er ein anleggsveg forbi Blåfalli kraftstasjon. Det er få parkeringsplassar ved vatnet. Sesongen er frå juni til oktober. Utan bil kan ein ta Hardangerfjordekspressen frå Bergen til Rosendal, der kajakkturen startar. Fram til 2031 kan vegen bli stengd i korte periodar på grunn av anleggsarbeid ved demninga, så det er lurt å sjekka med turistinformasjonen i Kvinnherad før turen.

Stadene ligg i kvar sin del av kommunen, så vil ein sjå begge, er det verdt å setja av meir enn éin dag. Både i Mauranger og i Rosendal finst det overnatting, mellom anna på Hotel Sundal og Baroniet Rosendal. Fleire tips finn du i unike overnattingar i Hardanger.

Gjestene har nokre råd med på vegen.

– Gå tur rundt fjordane og fjella, og ta med gode sko, kikkert og kamera. Ta deg god tid, og smak på sjømaten. Den er fantastisk her, og eg kan tilrå blåskjela, seier Guzu.

Stian Blipp meiner ein bør spørja folk som bur her:

– Dei vil gjerne visa deg kvifor dei har busett seg nettopp her.

rose

Neste gong med vennene

Guzu seier han skal koma att, og Stian Blipp vil ta med seg vennene sine neste gong, på det han kallar eit skikkeleg eventyr. Kvinnherad har nok av fjordar og fjell å byrja med.

1 stian blipp snupy guzu ved mosevatnet
rose

Om serien

The Forever Journey er ein serie frå World of Warcraft, filma rundt i Skandinavia. Episode 1 handlar om Noreg og har Stian Blipp, Snupy og Guzu med. World of Warcraft: Forever vart lansert 4. november 2026.
Kunngjeringa frå Blizzard: Carve a new path with World of Warcraft: Forever

Ofte stilte spørsmål

World of Warcraft er eit nettspel frå Blizzard Entertainment som vart lansert i 2004. Spelarane lagar sin eigen karakter og utforskar fantasiverda Azeroth saman med andre spelarar frå heile verda. Azeroth er delt inn i ulike område, kalla soner, med fjell, skogar, innsjøar og fjordar. Spelet står særleg sterkt i Norden.

The Forever Journey er ein serie frå World of Warcraft, laga i samband med lanseringa av World of Warcraft: Forever 4. november 2026. Forever er ein ny, permanent versjon av spelet, sett i ei nytolka utgåve av det opphavlege Azeroth. I serien køyrer ein campingbil full av gaming-PC-ar gjennom Skandinavia på jakt etter ekte landskap som liknar spelverda. Den første episoden er filma i Kvinnherad, med komikaren Stian Blipp og Twitch-streamarane Snupy og Guzu.

Produksjonen leitte etter landskap i Norden som fangar storleiken og stemninga i Azeroth, og valde to stader i Kvinnherad i Hardanger. Nordrepollen, innerst i Maurangerfjorden, vart vald fordi staden liknar Mount Hyjal, fjellområdet med verdstreet Nordrassil. Møsevatnet i Blådalen vart valt fordi det liknar Loch Modan, ei av dei opphavlege sonene i spelet, kjend for den store demninga Stonewrought Dam. Også Møsevatnet er demt opp.

Ja. Nordrepollen ligg ved vegen gjennom Mauranger og kan besøkjast heile året. Til Møsevatnet køyrer ein opp Omvikdalen og om lag 25 kilometer inn i Blådalen, på ein bomveg. Den siste delen er ein anleggsveg, og det er få parkeringsplassar ved vatnet.

Nordrepollen ligg ved fjorden og kan besøkjast heile året. Møsevatnet ligg i høgfjellet, og sesongen er frå juni til oktober. Kajakkturane på vatnet går frå 1. juli til midten av september, avhengig av når isen går. Vil ein sjå begge stadene, er sommaren og tidleg haust den beste tida.

rose
Visste du?

Ifølgje produksjonen har Noreg dei siste tre åra hatt den tredje høgaste søkjeinteressa for World of Warcraft i verda, berre slått av Danmark og Sverige

Opplev meir i Hardanger

Folgefonnsenteret
Attraksjoner

Folgefonnsenteret

Folgefonnsenteret er tilknytt Folgefonna Nasjonalpark og inneheld moderne, interaktive utstillingar med tema som geologi, klima, vatnet sin syklus og livet i Hardangerfjorden. Folgefonnsenteret er lett tilgjengeleg med ekspressbåt frå Bergen.

Folgefonni Breførarlag
Aktiviteter

Folgefonni Breførarlag

Utforsk Folgefonna nasjonalpark med varierte aktivitetar: Bli med på bretur på Juklavassbreen eller prøv breklatring mellom Botnabreen og Jordalsbreen. Nyt kajakkpadling på fjorden eller kombiner det med breopplevingar.

Folgefonna nasjonalpark
Attraksjoner

Folgefonna nasjonalpark

Folgefonna nasjonalpark vart etablert i 2005 og er ein av 42 nasjonalparkar i Noreg. Kjernen i nasjonalparken er isbreen Folgefonna som er den sørlegaste og tredje største isbreen i landet. I og rundt nasjonalparken e...

Glacier Kayak -Folgefonni Breførarlag
Aktiviteter

Glacier Kayak -Folgefonni Breførarlag

Ein unik padletur mellom isfjell og mektig natur inn til Folgefonna isbre. Bli med på brekajakk og opplev isbreen det krystallklare på tett hald.

Turistvegen til Folgefonna Nasjonalpark
Aktiviteter

Turistvegen til Folgefonna Nasjonalpark

Frå 1850 og framover voks Odda fram som ein av dei mest kjente turiststadene i Noreg. Det var utan tvil den frodige og ville naturen som trakk turistane hit. Mange ville sjå Folgefonna på nært hald. Sommaren 1896 vart...

Elvestien - idyllisk spasertur langs Jondalselvi
Aktiviteter

Elvestien - idyllisk spasertur langs Jondalselvi

Ein idyllisk spasertur langs elva i Jondal som passar for alle.

Sykkel: Nasjonal turistveg Hardanger Utne-Herand
Aktiviteter

Sykkel: Nasjonal turistveg Hardanger Utne-Herand

Utne - Herand - Jondal Rv 550 mellom Utne og Jondal er del av den Nasjonale Turistvegen i Hardanger. Nyt turen langs Hardangerfjorden medan du passerer fruktgardar og vakker natur. Avstand mellom Utne og Herand er...

Baroniet Rosendal
Attraksjoner

Baroniet Rosendal

Baroniet Rosendal er det einaste baroniet i Noreg og Skandinavias minste slott. Baroniet ligg sentralt i Rosendal og er kjent for sitt rike kulturprogram og sin rosehage.

Galleri G Guddal
Attraksjoner

Galleri G Guddal

Guddalstunet, 5 km frå Rosendal, tilbyr kunstgalleri, overnatting og servering i vakre omgjevnader. Opplev utstillingar av nasjonale og internasjonale kunstnarar, og overnatt i nyrestaurerte Vangshuset.

Bondhusvatnet
Attraksjoner

Bondhusvatnet

Bondhusvatnet nær Sundal i Kvinnherad kommune er eit ynda turmål og turen til brevatnet er blant dei mest populære fotturane i Hardanger regionen. Turen er lett og kort, og du kan gå den nærmast heile året.

Hotel Sundal
Overnatting

Hotel Sundal

Bu mellom fjord og fonn på historiske Hotel Sundal i Kvinnherad. Nyt lokalmat, lyden av naturen og nærleik til Hardanger sine mest ynda turmål - som Bondhusvatnet, Folgefonna og Trolltunga.

Hardanger House
Overnatting

Hardanger House

Hardanger House er eit designhotell ved Hardangerfjorden i Jondal. Hotellet har ni rom og er eit godt utgangspunkt for opplevingar i regionen. Den ligg ikkje langt frå Folgefonna og FONNA Glacier Ski Resort.

Nasjonal Turistveg Hardanger
Attraksjoner

Nasjonal Turistveg Hardanger

Nasjonal turistveg Hardanger tar deg med gjennom eit mektig fjordlandskap. Undervegs kjem du tett på fjord, fjell, fossar og frukthagar.

Sjå alle

Fleire reisetips