2 Trolltunga Hotel
3 Buer Restaurant
1 Odda Fjord HR web

Oppdag Hardanger: Guide til den perfekte sommarferien

Planlegg du ein ferie til det norske fjordlandskapet i sommar? Få plassar kan skilta med spektakulære fjelltoppar, eit breitt spekter av opplevingar og kort avstand mellom store høgdepunkt på éin og same plass. Det kan derimot Hardanger.

I denne regionen finn du Trolltunga – den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Uansett om du er ein erfaren fjellvandrar eller om du aldri har vore på ein fjelltopp før, vil utsikta frå Trolltunga ta pusten frå dei fleste. Å stå på tuppen av tunga, svevande 700 meter over Ringedalsvatnet med isbreen Folgefonna i bakgrunnen, er vanskeleg å skildra med ord. Dette er noko du rett og slett må oppleve sjølv.

Etter ein lang dag med minnerike aktivitetar i høgfjellet, er det lett å finna roen på Trolltunga Hotel. Her kan du nyta utsikta til Hardangerfjorden, stupbratte fjell og natur andre destinasjonar berre kan drøyma om.

Berre eit lite stykke unna Trolltunga Hotel kan du nyta eit godt måltid i lokala til Buer Restaurant. Her står kokkar, med erfaring frå Michelin-restaurantar, og lagar kulinariske perler basert på ferske, lokale råvarer. Perfekt for både lunsj og middag!

Planlegg sommarferien din i Hardanger og oppdag kvifor dette naturskjønne paradiset har trollbunde turistar i fleire hundre år. Hardanger byr på det beste av norsk natur, med frodige landskap, majestetiske fjell og sjarmerande bygder som skapar uforgløymelege minner.

rose

Magiske opplevingar i hjarta av Noreg

Det er lett å forstå kvifor Hardanger er ein favoritt blant turistar frå heile verda. Midt i hjarta av det norske fjordlandskapet – nærare bestemt Odda, Sørfjorden og Ullensvang – finn du ei perlerad av unike opplevingar. Uansett kvar du snur deg, blir du møtt av eit sjeldan frodig og fortryllande vakkert landskap.

rose

Naturattraksjonar i verdsklasse

Utforsk ikoniske attraksjonar som Dronningstien, Folgefonna, Låtefoss, Buarbreen, Husedalen og Bondhusvatnet. Men ingen oppleving er meir spektakulær enn Trolltunga. Folk frå heile verda kjem til Noreg og Hardanger berre for å oppleva denne naturperla. Turen er lang og krevjande, men følelsen av å stå på "tunga" etter å ha gått stien opp, er verdt kvart steg.

For å få mest mogleg ut av Trolltunga, anbefalar me å gå turen med Trolltunga Active. Ingen har vore fleire turar til den eventyrlege fjellformasjonen enn dei dyktige guidane til Trolltunga Active. Dyktige guidar gjer turen både tryggare og meir minneverdig med spennande historier og lokale tips.

Trolltunga sunset sunrise
Buer Restaurant WEB 2022 187 A5603
Trolltunga Hotel web restaurant
Trolltunga Hotel fasade web
Dronningstien
Web bondhusvatnet VB06602
Folgefonni glacier team marvin kuhr
rose

Komfortabel overnatting

Etter ein dag fylt med eventyr, kan du slappa av på Trolltunga Hotel. Hotellet som ligg på toppen av Odda, har vore gjennom omfattande oppussing dei siste åra og byr på komfortable rom og spektakulær utsikt. Som samarbeidshotell med Trolltunga Active, er det den perfekte staden å lada opp både før og etter turen.

rose

Kulinariske høgdepunkt

Etter ein dag fylt med eventyr, kan du utforske vakre Buerdalen og den majestetiske Buarbreen. I tillegg til å vera innfallsporten til Folgefonna Nasjonalpark, finn du Buer Restaurant i den spektakulære dalen. Dei har mottatt gode omtalar frå både lokal, regional og nasjonal presse, og det er ikkje utan grunn. Her står kokkar, med erfaring frå Michelin-restaurantar, og lagar kulinariske perler basert på ferske, lokale råvarer. Dette, i kombinasjon med den spektakulære naturen ein finn på Buer og i Buerdalen, gjer at stadig fleire har fått augo opp for den makelause totalopplevinga Buer Restaurant har å tilby.

rose

Den perfekte sommardestinasjonen

Den unike kombinasjonen av fjord, fjell, isbrear, historie og lokale matopplevingar, gjer Hardanger til den ideelle destinasjonen for ein minnerik sommarferie. Opplev norsk natur på sitt beste, med tilbod som sørgjer for at naturen blir tatt vare på for framtidige generasjonar.

Bestill di oppleving i dag, og opplev magien i Hardanger! Besøk nettsidene til Trolltunga Active, Trolltunga Hotel og Buer Restaurant for meir informasjon og booking.

Velkomen til Hardanger – der eventyra ventar.

Tips til kva du bør oppleva

Trolltunga Active
Aktiviteter

Trolltunga Active

Opplev ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i verda saman med Trolltunga Active. Aktivitetsselskapet og dei spesialutdanna guidane deira tilbyd eit tosifra antall spanande aktivitetar på og rundt Trolltunga – heile året.

Buer Restaurant
Servering

Buer Restaurant

Med storslagen utsikt til Buarbreen ligg Buer restaurant idyllisk til i Buerdalen og byr på ei varm, ekte og uhøgtidleg atmosfære. Kokkar med erfaring frå Michelin-restaurantar lagar dei nydeligaste rettar basert på dagsferske lokale råvarer og saman med den spektakulære naturen er eit besøk hjå Buer restaurant ei magisk totaloppleving.

Trolltunga Hotel
Overnatting

Trolltunga Hotel

Sov komfortabelt i nydelege omgjevnader på Trolltunga Hotel i Odda, Hardanger. Hotellet er ei perfekt base for deg som vil gå Trolltunga eller vera med på ei anna av Trolltunga Active sine turar.

Nasjonalparkgården
Aktiviteter

Nasjonalparkgården

Nasjonalparkgården på Buer er Odda Kommune sin innfallsport til Folgefonna Nasjonalpark. Som eit ideelt startpunkt for turar til både Buerbreen og Reinanuten, har Buer vore eit ynda reisemål så lenge det har vore turistar i Hardanger.

Guida breføring på Buarbreen - Hardanger Breføring
Aktiviteter

Guida breføring på Buarbreen - Hardanger Breføring

Familievennlig brevandring med guide på Buarbreen i Hardanger. Bli med på ei kjekk oppleving beståande av isbre, fjellformasjonar og Nasjonalparkgården i Odda.

Låtefoss
Attraksjoner

Låtefoss

Låtefoss i Oddadalen har ei fallhøgde på 165 meter og har vore eit ynda reisemål heilt sida 1800-talet. Han er lett tilgjengeleg - rett ved hovudvegen 13 mellom Odda og Røldal.

Fossanes dal
Attraksjoner

Fossanes dal

Oppdag Oddadalen langs RV 13, eit vakkert og urørt landskap med fossar som Tjørnadalsfoss, Strandfoss, Vidfoss, Espelandsfoss og den berømte Låtefossen. Perfekt for naturglade vandrarar med parkering nær hovudvegen.

Bondhusvatnet
Attraksjoner

Bondhusvatnet

Bondhusvatnet nær Sundal i Kvinnherad kommune er eit ynda turmål og turen til brevatnet er blant dei mest populære fotturane i Hardanger regionen. Turen er lett og kort, og du kan gå den nærmast heile året.

Dronningstien - H.M. Dronning Sonjas panoramatur
Aktiviteter

Dronningstien - H.M. Dronning Sonjas panoramatur

H.M. Dronning Sonjas panoramatur, betre kjent som Dronningstien i Hardanger, er blant dei mest populære turane i Noreg. Med nydeleg utsikt langs heile vegen, er det lett å forstå kvifor dette er blant favoritturane til H.M. Dronning Sonja.

Folgefonni Breførarlag
Aktiviteter

Folgefonni Breførarlag

Utforsk Folgefonna nasjonalpark med varierte aktivitetar: Bli med på bretur på Juklavassbreen eller prøv breklatring mellom Botnabreen og Jordalsbreen. Nyt kajakkpadling på fjorden eller kombiner det med breopplevingar.

Folgefonna nasjonalpark
Attraksjoner

Folgefonna nasjonalpark

Folgefonna nasjonalpark vart etablert i 2005 og er ein av 42 nasjonalparkar i Noreg. Kjernen i nasjonalparken er isbreen Folgefonna som er den sørlegaste og tredje største isbreen i landet. I og rundt nasjonalparken e...

Fonna1199 - Folgefonna velkomstsenter og Restaurant
Attraksjoner

Fonna1199 - Folgefonna velkomstsenter og Restaurant

Opplev reiselivsikonet Fonna1199 på toppen av isbreen Folgefonna! Det nye velkomstsenteret, med si unike arkitektoniske utforming, ligg berre eit steinkast unna sjølve isbreen.

Fire fantastiske Fossar, Husedalen
Aktiviteter

Fire fantastiske Fossar, Husedalen

Utforsk dei majestetiske Husedalsfossane på ein 3-6 timars tur frå Kinsarvik til Hardangervidda. Stien er godt merka og tilbyr spektakulær natur og varierte ruter.

FONNA Glacier Ski Resort, sommerski
Aktiviteter

FONNA Glacier Ski Resort, sommerski

FONNA Glacier Ski Resort er eit sommarskisenter som ligg på Folgefonna. Frå kanten av Hardangerfjorden i Jondal kan du køyra heilt opp til breen og skisenteret på den 19km lange Glacier Road.

Sjå alle

Fleire reisetips