Bli med på ein ekspedisjon litt utanom det vanlege! På isbreen Folgefonna kan du utforska fleire tusen år gammal is saman med Folgefonni Breførarlag.
Dette er verkeleg ei unik oppleving du ikkje kjem til å angra på. Den guida turen vert tilpassa etter det du ynskjer – alt frå enkel vandring til avansert isklatring. Folgefonni Breførarlag veit nøyaktig kva som skal til for å gje deg ein så trygg og minneverdig tur som mogleg.
Etter ein eventyrleg dag på isbreen, anbefalar me å køyra langs Glacier Road og ned til Nasjonalparklandsbyen Jondal. Her sjekkar du inn på Hardanger House - eit moderne designhotell berre eit steinkast frå Hardangerfjorden. Her får du oppleva det beste frå to verdenar på éin og same dag: Spektakulære opplevingar på breen harmonerer godt med nydeleg mat og drikke i fjordkanten.
Og med Hardanger House som utgangspunkt, er det kort veg til fleire av dei mest kjende attraksjonane i Noreg og Hardanger – som Trolltunga, Dronningstien, Husedalen, Buer, sightseeing på Hardangerfjorden og masse meir!
Er du klar for ein minneverdig sommarferie i hjarta av norsk natur? Hardanger byr på spektakulære opplevingar og unike eventyr som ventar på deg. Med sine majestetiske fjell, frodige landskap, idylliske fjordarmar og isbreen Folgefonna, er Hardanger ein perfekt destinasjon for dei som ønskjer å utforska det beste norsk natur har å by på.
Utforsk fleire tusen år gammal is på eit guida eventyr med Folgefonni Breførarlag på isbreen Folgefonna. Turen vert tilpassa ønska og ferdigheitene til gjestene, så dette passar for dei aller fleste. Her får du utforska spektakulære isgrotter og panoramautsikt over Folgefonna, Nordsjøen og Rosendalsalpane.
Folgefonni Breførarlag er ein svært seriøs aktør der alle guidane er meget erfarne og har høg kunnskap om breen. Det er med andre ord absolutt ein trygg tur. Denne guida blåisturen er verkeleg spektakulær og noko du kjem til å hugsa heile livet.
Visste du at breen endrar seg frå dag til dag? Ein tur i regnvær er heilt annleis enn ein tur med sol. Det betyr at du får ei heilt unik oppleving uavhengig av været og kva dag du reiser.
Bli kjend med Torbjørn – ein av guidane til Folgefonni Breførarlag – og korleis det er å ha Folgefonna som kontor.
Etter ein eventyrleg dag på breen med Folgefonni Breførarlag, skal du køyra frå Folgefonna til Jondal. Denne bilturen er ein attraksjon i seg sjølv. Her får du nemleg oppleva store kontrastar langs den korte vegen frå tuppen av isbreen Folgefonna til fjordkanten . Desse kontrastane er noko turistar frå alle verdshjørner lar seg begeistra av.
Dette er ein av favoritt-vegane til oss i Visit Hardangerfjord!
Berre eit steinkast frå Hardangerfjorden, finn du Hardanger House – eit moderne designhotell som lar deg oppleva det beste frå to verdenar. Frå den mektige opplevinga på breen til sommardagar ved fjordkanten, får du nyta både frisk fjelluft og varmen frå kveldssola – på éin og same dag.
Hotellet har elegante rom med utsikt mot fjorden og fjella, ein roleg atmosfære og fokus på kvalitet i alle detaljar. Her kan du bada frå den nærliggande stranda, ta badstu og nyta smakfulle rettar med lokale råvarer – alt servert med ein dose stil og vertskap frå øvste hylle.
Hardanger House har òg eit sider- og vinutval få andre i regionen kan måla seg med. Med edle dråpar frå anerkjende produsentar og ekspertise på huset, blir kvar rett para med dei perfekte dråpane – og opplevinga løfta til eit heilt nytt nivå.
Les også: Oppdag Hardanger - guide til den perfekte sommarferien
Den unike kombinasjonen av fjord, fjell, isbrear og moderne komfort gjer Hardanger til den ideelle destinasjonen for ein minnerik sommarferie. Opplev norsk natur på sitt beste – med aktørar som tek vare på både gjestane og naturen dei inviterer inn i.
Bestill di oppleving i dag, og opplev magien i Hardanger! Besøk nettsidene til Folgefonni Breførarlag og Hardanger House for meir informasjon og booking.
Velkomen til Hardanger – der eventyra ventar.
Opplev blåis på Folgefonna! Folgefonni Breførarlag tar deg med til Juklavassbreen, ein bretur med panoramautsikt over fjord og fjell. På denne brearmen er det både spennande bresprekker og flat is.
Hardanger House er eit designhotell ved Hardangerfjorden i Jondal. Hotellet har ni rom og er eit godt utgangspunkt for opplevingar i regionen. Den ligg ikkje langt frå Folgefonna og FONNA Glacier Ski Resort.
Bli med på bretur med panoramautsikt. Denne turen tar deg med inn eit unikt landskap med spennande natur- og kulturhistorie.
Ein unik padletur mellom isfjell og mektig natur inn til Folgefonna isbre. Bli med på brekajakk og opplev isbreen det krystallklare på tett hald.
Folgefonna på langs er Noregs finaste vårskitur. Dette er ein krevjande tur i det unike brelandskapet mellom Jondal og Rosendal.
Bli med på kajakktur på Hardangerfjorden. Frå kajakk får du ei fantastisk oppleving av fjordlandskapet. Denne turen passar og for deg som ikkje har padla kajakk før.
Skreddarsy di eiga breoppleving med Folgefonni Breførarlag. Leige av privat guide gir deg fleksibilitet til å lage opplegg etter eigne ønsker og timeplan.
Opplev reiselivsikonet Fonna1199 på toppen av isbreen Folgefonna! Det nye velkomstsenteret, med si unike arkitektoniske utforming, ligg berre eit steinkast unna sjølve isbreen.
Trolltunga er den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Den ligg 1180 moh, om lag 700 meter over Ringedalsvatnet. Her er det fantastisk og luftig utsikt. Turen til Trolltunga startar i Skjeggedal og går i høgfjellet.
Bondhusvatnet nær Sundal i Kvinnherad kommune er eit ynda turmål og turen til brevatnet er blant dei mest populære fotturane i Hardanger regionen. Turen er lett og kort, og du kan gå den nærmast heile året.
H.M. Dronning Sonjas panoramatur, betre kjent som Dronningstien i Hardanger, er blant dei mest populære turane i Noreg. Med nydeleg utsikt langs heile vegen, er det lett å forstå kvifor dette er blant favoritturane til H.M. Dronning Sonja.
Utforsk dei majestetiske Husedalsfossane på ein 3-6 timars tur frå Kinsarvik til Hardangervidda. Stien er godt merka og tilbyr spektakulær natur og varierte ruter.
Nasjonal turistveg Hardanger tar deg med gjennom eit mektig fjordlandskap. Undervegs kjem du tett på fjord, fjell, fossar og frukthagar.