Scroll 2 Trolltunga via ferrata sky ladder 2
Scroll 3 Trolltunga sunset sunrise 2
Scroll 4 Buer Restaurant
Scroll 5 Trolltunga Active

Frå Trolltunga til fjorden – to dagar i Hardanger

Vil du oppleva Trolltunga og Hardanger slik dei lokale anbefalar?

Her ligg fjell, fjord og store opplevingar tett, og på to dagar kan du få med deg det beste regionen har å by på.

Start med Trolltunga Via Ferrata med Trolltunga Active – ein klatretur opp bratte fjellsider, med utsikt mot Ringedalsvatnet og isbreen Folgefonna.

Nytt i 2026 er Sky Ladder - ein spektakulær “himmelstige” for deg som verkeleg likar luft under føtene. Meir spenning, meir meistring og færre folk.

Vil du ta det eitt hakk vidare?

Overnatt på fjellet og opplev solnedgang og soloppgang ved Trolltunga saman med Trolltunga Active. Dette er ei oppleving dei færraste får med seg og noko som sit i lenge etter at du har reist heim!

Etter ein dag i fjellet ventar roen.

Nyt eit godt måltid på Buer Restaurant, før du sjekkar inn og slappar av på Trolltunga Hotel - med utsikt mot fjell- og fjordlandskap.

Dag to tek deg frå fjell til fjord.

Bli med på RIB-tur i Sørfjorden og besøk fruktgardar og lokale produsentar - midt i eit landskap med stupbratte fjell, levande bygder og lange tradisjonar.

Slik får du mest ut av Hardanger på to dagar - med Trolltunga Via Ferrata, god mat og opplevingar frå fjell til fjord.

rose

Trolltunga med luft under føtene

Dette er eventyret for deg som vil oppleva meir enn berre eitt høgdepunkt. På kort tid får du både det spektakulære fjellet, den makelause fjorden og smaken av Hardanger – samla i ei heilskapleg oppleving.

Eventyret startar i fjellet, med Trolltunga Sky Ladder Via Ferrata. Her tek guidane i Trolltunga Active deg med opp gjennom bratte fjellsider - ei heilt anna oppleving enn den tradisjonelle turen langs stien. Undervegs opnar utsikta seg mot Ringedalsvatnet, dei stupbratte fjella rundt og isbreen Folgefonna i det fjerne. Dette er Trolltunga på ein annan måte – meir aktiv, meir variert og med ei kjensle av meistring du ikkje får frå den vanlege stien.

For dei som ønskjer noko ekstra, kan opplevinga utvidast med glamping på fjellet. Å oppleva Trolltunga i solnedgang og morgonlys gir eit heilt anna inntrykk av staden. Rolegare, nærare og utan dei store folkemengdene.

Scroll 3 Trolltunga sunset sinrise
Buer restaurant ute
Scroll 4 Buer Restaurant
2 Trolltunga Hotel
rose

Kulinariske høgdepunkt

Etter minnerike opplevingar i fjellet, ventar belønninga i Buerdalen. Her ligg Buer Restaurant, omgitt av dramatisk vestlandsnatur ved innfallsporten til Folgefonna nasjonalpark.

Dei kan skilta med gode omtalar frå både lokal, regional og nasjonal presse, og det er ikkje utan grunn. Her står kokkar med erfaring frå Michelin-restaurantar og lagar kulinariske perler basert på ferske, lokale råvarer. Kombinasjonen av kreativitet på kjøkenet og den spektakulære naturen utanfor gjer måltidet til ei totaloppleving du seint vil gløyma.

Når kvelden kjem, er det kort veg vidare til Trolltunga Hotel. Hotellet ligg vakkert til mellom fjorden og Sandvinvatnet, med utsikt mot bratte fjell, fossar og brelandskap. Her bur du komfortabelt, i eit historisk bygg som er oppgradert med moderne fasilitetar – og med roen du treng etter ein aktiv dag.

rose

Fjord, fart og fruktgardar

Dag to tek deg frå høgfjellet og ned til fjorden – der historia om Hardanger held fram.

Med RIB kjem du tett på landskapet frå ein ny vinkel. Du kjenner farten, ser fjella reisa seg rett opp frå fjorden og opplever kontrastane som gjer regionen så særprega – frå ope og skiftande fjordlandskap til bratte fjellsider og levande bygder langs kanten.

Undervegs går turen innom fruktbygdene der Hardanger er på sitt mest karakteristiske. Her finn du nokre av dei fremste produsentane i landet, og eit kulturlandskap forma av epledyrking gjennom generasjonar. Det er nettopp her grunnlaget for det mange omtalar som Hardanger sitt «flytande gull» vert skapt – med råvarer, kunnskap og tradisjonar som har sett regionen på kartet langt utover Noreg.

rose

Ei oppleving som samlar Hardanger

Det som gjer denne turen spesiell, er korleis opplevingane heng saman. Frå klatring i fjellet til måltid basert på lokale råvarer, vidare til fjord og flytande kultur – alt er knytt til landskapet og tradisjonane i regionen.

Dette er ikkje berre ei rekkje aktivitetar, men ein måte å oppleva Hardanger på, der du kjem tett på både naturen og det som har forma livet langs fjorden.

Klar for tur?

Planlegg opplevinga di i dag og opplev Trolltunga og Hardanger frå fleire perspektiv – frå fjell til fjord, på to dagar.

Sjå alle

Fleire reisetips