Kom tett på naturen, kjenn på roen og nyt utsikta til Sørfjorden frå Woodnest. Dei makalause tretopphyttene i Odda er verkeleg noko for seg sjølv.
BookingKom tett på naturen, kjenn på roen og nyt utsikta til Sørfjorden frå Woodnest. Dei makalause tretopphyttene i Odda er verkeleg noko for seg sjølv. Einingane, som begge er på 15 m², inneheld toalett og fire sengeplassar.
Sjølv om hyttene er ein attraksjon i seg sjølv, ligg ikon som Trolltunga, Dronningstien, Låtefoss, Buerbreen, Folgefonna og Bondhusvatnet rett rundt nova. Eit opphald på Woodnest er med andre ord eit framifrå utgangspunkt for ein flott og minnerik tur i Hardanger-regionen.