Opplev den spektakulære tvillingsfossen Låtefoss som ligg i Oddadalen og har ei fallhøgd på 165 meter. Fossen ligg rett ved Riksveg 13 Odda og Røldal, og det tek ca 15 minutter å kjøyre frå Odda og 30 minutter frå Røldal. Tvillingsfossen har vore eit populært reisemål heilt sidan 1800-talet.
Låtefossen er hovudattraksjonen i Oddadalen, ofte kalla «Fossenes dal». Den spektakulære tvillingfossen har ei fallhøgd på om lag 165 meter og ligg rett ved riksveg 13, berre ein kort køyretur frå Odda. Vatnet frå fossen samlar seg og renn vidare under den karakteristiske steinkvelvbrua – eit av dei mest fotograferte motiva i Hardanger.
Fossen har vore eit populært reisemål heilt sidan 1800-talet. Den gamle brua vart ferdig i 1859, og turistar blei frakta hit med hest og kjerre frå Odda for å oppleve fossen og utsikta i dalen.
Låtefossen er svært lett tilgjengeleg, og mange stoppar her på veg gjennom Oddadalen. Samtidig betyr den sentrale plasseringa langs Rv13 at området kan bli svært travelti sommarsesongen. Parkeringsplassen ved fossen er liten, og det kan vere kø og vanskeleg å finne parkering på dei mest populære dagane. Nokre gonger må bilar vente på ledig plass, og trafikken over den smale brua kan gå sakte når mange stoppar for å ta bilete.