Med fantastisk utsikt over vann, foss, fjell, fjord og fonn, ligg Vikinghaug Apartments i Odda. Gjestene bur i store, romslege leilegheiter med tre-fire soverom, bad, toalett, kjøken og stove. Sengetøy og handklede er...
BookingMed fantastisk utsikt over vann, foss, fjell, fjord og fonn, ligg Vikinghaug Apartments i Odda. Gjestene bur i store, romslege leilegheiter med tre-fire soverom, bad, toalett, kjøken og stove. Sengetøy og handklede er inkludert i pris, og det er gratis parkering ved huset.
Vikinghaug er eit godt utgangspunkt for å utforska vakre og spanande Hardanger. Med bil er det fire minutt til handlesenter i Odda By, 20 minutt til start på tur til Trolltunga, sju minutt til startpunkt for tur til Buerbreen, 30 minutt til Røldal Skisenter og 20 minutt til Seljestad turski-område. Det er også mange toppturar med godt merka stiar i og rundt Odda.