Opplev Trolltunga ved solnedgang og soloppgang i privat gruppe og med eigen guide. Trolltunga Adventures legg til rette for ein fantastisk overnattingstur, der naudsynt utstyr og mat er inkludert i prisen.
BookingDette er den private versjonen av “Trolltunga Classic”-turen til Trolltunga Adventures og passar for grupper på fire til åtte personar som ynskjer å ha både guide og camp heilt for seg sjølv. Perfekt for venner eller familie som ynskjer å oppleva Trolltunga og den spektakulare naturen i ein privat setting.
Trolltunga Private Camp, som går over to dagar, startar i Skjeggedal kl. 10.30 og er ein 10km lang tur med fantastisk utsikt over Ringedalsvatnet og Folgefonna.
Denne guida opplevinga inkluderer overnatting på privat camp, 1200 moh – ein kort tur unna sjølve Trolltunga. Her får du med andre ord høve til å oppleva Norges mest spektakulære fjellformasjon etter at dei fleste turgåarar har returnert til sivilisasjonen.