Blåistur Blue Ice Hike -Folgefonni Breførarlag

Blåistur Blue Ice Hike -Folgefonni Breførarlag

Opplev blåis på Folgefonna! Folgefonni Breførarlag tar deg med til Juklavassbreen, ein bretur med panoramautsikt over fjord og fjell. På denne brearmen er det både spennande bresprekker og flat is.

Booking

Om

Folgefonni Breførarlag tar deg med på blåistur til Juklavassbreen. Denne armen av Folgefonna består av både flat is og meir utfordrande områder med bresprekker. Turen vert tilpassa ønska og ferdigheitene til deltakarane. Frå juni til oktober er blåisturen eit dagleg tilbod. Turen startar frå Fonna sommarskisenter, 19 km frå landsbyen Jondal ved Hardangerfjorden. Breføringa varer 5-6 t, og undervegs er det lunsjpause med panoramautsikt over brelandskapet, Nordsjøen og Rosendalsalpane. Breføraren formidlar kunnskap om kulturhistorie, klima og glasiologi. På ettermiddagen vender du tilbake mot skisenteret, då med utsikt over det vakre fjordlandskapet.

Nedre aldersgrense er 7 år. Ta med varme vind- og vasstette kle, hanskar og fjellsko. Solbriller og solkrem er nødvendig. Ta og med mat og drikke, og ein tursekk med litt ekstra plass til breutstyr. Inkludert i prisen er leige av stegjern, isøks, sele, hjelm, tau og fjellsko.

Om du ikkje har turutstyr kan du leige hos Folgefonni Breførarlag. Dei har utleige og sal av vind og vasstette kle, og sal av hanskar. Du kan bestille ferdig lunsjpakke til turen, send då ein e-post i god tid.

Gradering
Sesong

Kart

Prisar

Beskrivelse
Pris*
Guida blåis tur
990,00
*Pris frå