Siderhuset Ola K

Siderhuset Ola K er ein prisvinnande restaurant i Hardanger med fokus på lokale råvarer, Sider frå Hardanger og vin av høg kvalitet. Nydeleg plassering med fjord og fjell som bakteppe.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Du skal leita lenge etter ein flottare plass å nyta eit måltid og sider frå Hardanger enn Siderhuset Ola K. Restauranten ligg nemleg nydeleg til nede på kaien på Nå – omgitt av stupbratte fjell og fjorden som bakteppe.

Restauranten vart etablert våren 2021 som eit supplement til det produktet alle dei fantastiske siderprodusentane i regionen har bygd opp dei siste åra. Hjå Siderhuset Ola K får ein mat av svært høg kvalitet. Menyen, som består av 2-rettars lunsj eller 3-rettars middag, vert skifta tredje kvar veke – alt etter kva råvarer som er tilgjengeleg i sesong.  Restauranten kan skilta med eit rikt sortiment av vin. Legg ein til alle dei ulike sidersortane i regionen, har dei eit svært stort mangfald av drikke som pirrar smaksløkane til gangs.

Sjølve huset har vore ein samlande plass for både lokale og turistar i over hundre år. Det heile byrja i 1912 då sjølvaste Ola K Nå førte opp bygget for å hjelpa dei lokale i Vikebygd med blant anna varehandel, ekspedisjon av frukt og post. No er imidlertid stafettpinnen ført vidare, og endeleg kan folk nyta god mat og drikke i lystig lag på kaien på Nå.

Siderhuset Ola K, som ligg lett tilgjengeleg med bil og med siderbåten til The Fjords, tilbyr også ulike typar smakingar på førespurnad, samt møtefasilitetar og fasilitetar for selskap på førespurnad. Velkomen til god mat og drikke, fjord- og fjellutsikt og godt vertskap på Siderhuset Ola K!

Sesong

Kart