Omkransa av bratte fjell, Hardangerfjorden og Folgefonna, ligg Alde Sider idyllisk til på Bleie Gard i Sørfjorden. Saft- og siderprodusenten som i 2018 blei kåra til den beste i Noreg, sel dei edle dråpane frå både garden og Vinmonopolet.
Omkransa av bratte fjell, Hardangerfjorden og Folgefonna, ligg Alde Sider idyllisk til på Bleie Gard i Sørfjorden. Saft- og siderprodusenten som i 2018 blei kåra til den beste i Noreg, sel dei edle dråpane frå både garden og Vinmonopolet. Gravenstein-, Discovery-, Summerred- og Aroma-eple vert nytta i Alde sin produksjon av den tradisjonsrike drikken.
Gardsutsalet er ope for privatpersonar, men også for grupper etter avtale.