Ullensvang Gjesteheim ligg på Lofthus. Dei tilbyr overnatting og matservering. Her er tilsaman 10 rom. 4 rom med eige bad (plass for 2-4 personar), 4 dobbeltrom med felles bad, 1 rom med tre senger og felles bad og 1...
Ullensvang Gjesteheim ligg på Lofthus. Dei tilbyr overnatting og matservering. Her er tilsaman 10 rom. 4 rom med eige bad (plass for 2-4 personar), 4 dobbeltrom med felles bad, 1 rom med tre senger og felles bad og 1 enkeltrom med felles bad. Ullensvang Gjestheim har eigen restaurant der det vert servert tradisjonelle norske rettar og thairettar. Her er matsal med plass for inntil 45 personar og lokalet høver for små og store feiringar, samankomstar og møte. Ullensvang Gjesteheim (overnatting og restaurant) er opent dagleg i tidsrommet frå første mai til midten av september, utanom sesongen for grupper etter avtale.