Store Naa Siderkompani

Store Naa Siderkompani er ein prisvinnande produsent av eplemost og Sider frå Hardanger. Idyllisk plassert på den familiedrivne garden på Nå i Sørfjorden.

Booking

Om

Langs dei bratte fjellsidene på vestsida av Sørfjorden i Ullensvang, nærmare bestemt på Nå, finn du Store Naa Siderkompani. Her har Eirik Nå Aga og forfedrane drive gard heilt sidan år 1724. Det som byrja som ein «heilt vanleg gard», har no utvikla seg til å verta eit prisvinnande sideri. No kan nemleg garden skilta med fleire anerkjente prisar, blant anna to VM-prisar, for siderprodukta 57/2 – Brudeferd og 57/2 Kårkall. I tillegg til desse produkta, står produsenten også bak fleire eplemostar og typar Sider frå Hardanger. Fellesnemnaren for alle er at dei vert laga av eple og andre råvarer som er dyrka på garden – mellom anna solbær og rips.

Frå gardsutsalet får ein kjøpt dei fruktige produkta heile året. Om våren og sommaren (mai – september), har dei to daglege sidersmakingar på garden, som begge korresponderer med The Fjords sin «siderbåt». Sjølve smakinga tek om lag 1 time og inneheld vandring i frukthagen, historieforteljing og noko lite å tygga på.



Pris for sidersmaking: Frå 500 NOK

Velkomen til Store Naa Siderkompani!

Sesong

Kart

Prisar

Beskrivelse
Pris*
for sidersmaking
500,00
*Pris frå