Heit Grimo Sauna

Nyt eit friskt fjordbad og ein dampande sauna hjå Heit Grimo Sauna på vestsida av Sørfjorden i Hardanger. Nydeleg utsikt til fjord og fjell.

Booking

Om

På strekninga mellom Odda og Utne, på vestsida av den vakre Sørfjorden, finn du Heit Grimo Sauna. Idyllisk plassert på den historiske kaien i Grimo, kan du nyta utsikta til den frodige naturen og mektige fjella som kjenneteiknar området.

Heit Grimo Sauna er eit sjølvbetjent tilbod, men vil vera ferdig oppvarma og klar til bruk ved ankomst. Førehandstinging av saunaen, som har kapasitet til 9 personar og nyttar elektrisk fyring, er difor naudsynt. I tillegg til sjølve saunaen, er det satt opp ein utandørs dusj med nydeleg utsikt.

Eit tips frå vertskapet er å ta med noko lokal eplemost og/eller sider frå Hardanger som ein kan nyta i saunaen. Då er det ekstra praktisk at du finn parkering (også for bubilar) og daglegvarebutikk eit lite steinkast unna. I området har ein også ei rekke lokale saft- og siderprodusentar som er lett tilgjengeleg med bil og til fots. For dei som ynskjer det, kan ein òg leggja til med båt langs kaien.

Historiske Utne Hotel ligg berre ein kort køyretur unna (4,5 km).

Velkomen til eit friskt fjordbad og ein dampande sauna hjå Heit Grimo!

Sesong

Kart

Prisar

Beskrivelse
Pris*
7-9 personar
1600,00
4-6 personar
1300,00
1-3 personar
1000,00
*Pris frå