Det historiske hotellet Utne Hotel frå 1722 har vore i kontinuerleg drift sida det. Hotellet har berre 17 rom, der alle har individuelt, historisk interiør med særpreg og sjarm. Hotellet er perfekt for deg som ser etter autentiske opplevingar .
BookingUtne Hotel er Noregs eldste freda trehotell som kontinuerlig har vore i drift i snart 300 år. Det heile starta i 1722 som eit gjestgiveri med stove, kjøken, gang og eit soverom. Utne hotel har i fleire hundre år bydd på tradisjon og omtanke for sine gjester.
Alderen tatt i betraktning er det ikkje så rart at ein kan høyre knirkelydar eller fornemma at det er nokon frå tidlegare generasjonar som passar på. Det er som å bu i ei historiebok.
Hotellet har gjennom tidene vore drive av sterke kvinner, -Mor Utne dreiv hotellet i heile 70 år. No er det Jon Aga som er kjøkkensjef og driv Utne Hotel. Utne Hotel ynskjer verda velkomen inn og folk velkomne heim.