Utne-Setehaug

Utne: Utne-Skorane-Setehaug Startpunkt: Utne Hotel Endepunkt: Setehaug Parkering: ved Utne Kyrkje Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Odda, ferje frå Kinsarvik og Kvanndal. Hurtigbåt frå Nor...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Mail

Om

Utne: Utne-Skorane-Setehaug

Startpunkt: Utne Hotel

Endepunkt: Setehaug

Parkering: ved Utne Kyrkje

Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Odda, ferje frå Kinsarvik og Kvanndal. Hurtigbåt frå Norheimsund i sommarhalvåret.

Merking: det er alt informasjonstavle ved startpunktet ved Utne Hotel

Gradering: Middels krevjande fottur.

Turlengd: ca 3 km.

Høgdeskilnad: 480 moh.

Tidsbruk: 1,5 time.

Gode råd: Kjøp kart med turomtale på Utne Hotel eller på Hardanger Folkemuseum .

Turomtale: Turen går i bratt terreng til flott utsiktspunkt. Følg riksvegen frå Utne Hotel til fruktlageret i Sletthagen, vidare på skogsbilveg frå fruktlageret til bratt sti mot Setehaug.

Variasjon av denne løypa: Utne-Kvistbu (skytebane) –Setehaug. Følg sti/skogsveg frå Utne Hotel til vegskilje ved skytebane, vidare på bratt sti som kryssar skogsbilvegen på veg mot Setehaug. Alternativt kan ein følgja skogsveg til Bjønndalen og deretter sti mot nordvest til ein kjem inn på løypa mot Setehaug.

Avstand
Gradering
Sesong
Varighet

Kart