Besøk på oppdrettsanlegg med RIB båt – Hardanger Akvasenter

Bli med på RIB-tur til Hardanger Akvasenter - eit lakseoppdrettsanlegg på Hardangerfjorden i full drift. Turane startar i utstillingslokale til Akvasenteret i Øystese, i same bygg som Hardangerbadet.

Booking

Om

Hardanger Akvasenter er eit visningssenter for akvakultur, og du kan bli med på RIB-tur til eit oppdrettsanlegg i full drift. Opplegget startar med omvising i den moderne og interaktive utstillinga «Det er her vi bur». Denne utstillinga er i Øystese sentrum, i same bygget som Hardangerbadet.



Deretter fortset omvisinga med RIB ut til Hardanger Akvasenter sitt visningsanlegg på fjorden. Anlegget ligg ved munningen til den vakre fjordarmen Fyksesund. Her får du sjå korleis oppdrett av laks føregår i praksis, og del av omvisinga er mating av fisken. Ved hjelp av undervasskamera ser du livet nede i merden. Du får og moglegheit til sjølv å gå rundt på anlegget og sjå på fisken. Omvisinga varar mellom 1,5 til 2 timar, og i hovudsesongen er det fast oppstart kl. 13.30. Om du ynskjer omvising og opplegg utanom kontaktar du Hardanger Akvasenter for avtale.

Sesong

Kart

Prisar

Beskrivelse
Pris*
Guida tur, per barn
349,00
Guida tur, per vaksen
449,00
*Pris frå