TENORANE & STEFFEN HORN @ Kabuso

TENORANE & STEFFEN HORN @ Kabuso
Des.
6

«Pompøst, overveldande og fabelaktig» Eit vanvittig show som førte til ståande applaus»… "Steffen Horn briljerer med teknikk og pasjon på piano." Bladet Sunnhordland

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Så ha ei god jul, då!

Midt i julestria treng me alle eit pusterom. I vintermørkret kan musikk gje varme og fylle hjartet med julestemning.

Tenorane Henrik Hundsnes, David Fielder og Aasmund Kaldestad og den strålande pianisten Steffen Horn inviterer deg inn i varmen med ein magisk konsert full av glitrande tonar og ekte songglede.

Dei kan by på alt frå rockeinspirertesongar av Dumdum Boys til tidlause, klassiske juleperler me alle kjenner.

Dei rører ved nostalgien med silkemjuke Sinatra-låtar,og kraftfulle Elvis-nummer som tek oss tilbake til ei svunnen tid, og lyfter taket med mektige meisterverk av store komponistar som Bach, Händel og Verdi.

Senk skuldrene og nyt ei stund med vakker musikk som gjev ro i sjela og påfyll av juleglede!

________

Frå pressa
Terningkast 6:
«Mektig, musikalsk, morsom og helt fantastisk julekonsert»
Tysvær Bygdeblad

Kart