Seminar: Glacial feelings

Seminar: Glacial feelings
Aug.
23

Laurdag 23. august inviterer Kabuso til Glacial feelings – eit seminar som avsluttar utstillinga til James Webb, Slowly, slowly, and then all at once. I seminaret ynskjer me å sjå nærare på den pågåande klimakrisa, f...

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Laurdag 23. august inviterer Kabuso til Glacial feelings – eit seminar som avsluttar utstillinga til James Webb, Slowly, slowly, and then all at once.

I seminaret ynskjer me å sjå nærare på den pågåande klimakrisa, først og fremst gjennom kunsten si linse og den personlege erfaringa, men òg med dei kalde, vitskaplege fakta som er kjente for oss til no.

Me spør korleis me kan leve med, og reagere på, det som utfaldar seg kring oss, samstundes som me held håpet oppe.

Inviterte deltakarar er:

Professor Jostein Bakke frå Universitetet i Bergen

Kunstnar Jana Winderen

Kunstteoretikar Dr. Anthea Buys

I tillegg: Kunstnar James Webb og kurator Sissel Lillebostad

Frå Kabuso kan ein sjå ein snipp av Folgefonna, Noregs sørlegaste isbre.
Den er, som dei andre breane me kjenner til, i ferd med å smelte, og det går raskare enn me trudde for berre nokre få år tilbake.
Utstillinga har som sitt sentrale element ein installasjon som stiller 151 spørsmål direkte til Folgefonna; kunstnaren spør mellom anna om kva minner isbreen har, om frykt og opplevinga av transformasjon.
Spørsmåla blir lesen både på norsk og engelsk og kan høyrast i rommet via tre høgtalarar, retta mot fonna.
Isbreen svarer ikkje på noko språk me menneske kan forstå, men i dei stille pausane som følger kvart spørsmål kan publikum projisere eigne tankar og svar.

Praktisk info:
Seminaret er gratis, men me ber om at du hentar ut ein billett via linken

Kart

Prisar

Beskrivelse
Pris*
0,00
*Pris frå