Nattjazz i Bergen skreiv følgande då Trygve Seim Ensemble sist spelte konsert der i 2021: "Trygve Seim har ein enorm melodisk teft, veit å få det beste ut av medmusikarane sine, og det er ein fryd å lytta til dei det...
Booking
Nattjazz i Bergen skreiv følgande då Trygve Seim Ensemble sist spelte konsert der i 2021:
"Trygve Seim har ein enorm melodisk teft, veit å få det beste ut av medmusikarane sine, og det er ein fryd å lytta til dei detaljerte omvegane han tar undervegs i musikken.
Med sine lyriske komposisjonar er det naturleg at Seim fekk merksemd frå Manfred Eicher, noko som har resultert i ei stor mengde plater på ECM Records. Med seg har han ei handplukka gruppe, kvar for seg instrumentalistar i verdsklasse, og saman lagar dei vakker musikk for hjarte og hjerne».
Trygve Seim - saksofonar
Torben Snekkestad - saksofonar
Embrik Snerte - fagott, kontraforte
Håvard Lund - klarinettar
Eivind Lønning - trompet
Øyvind Brække - trombone
Lars Andreas Haug - tuba
Alejandra Conde-Campos - cello
Frode Haltli - trekkspel
Patrycja Wybranczyk - trommer
Trygve Seim Ensemble har ei unik instrumentsamansetjing, og medlemmene er svært dyktige ensemblemusikarar som òg er framifrå solistar.
Ensemblet feirar i år 25-årsjubileum for debut-albumet Different Rivers (2000) og Trygve Seims ECM-debut.