To kontrastfylte fjordarmar på éin uforgløymeleg tur
Booking
Frå Ulvik går turen ut i Hardangerfjorden og vidare inn i to av dei mest særprega fjordarmane i området – Simadalsfjorden og Osafjorden. Allereie frå start passerer du under den imponerande Hardangerbrua, før landskapet opnar seg mot bratte fjellsider, fossar og klårt fjordvatn i Simadalsfjorden.
Vidare går ferda inn i Osafjorden, ein smal og stillferdig fjordarm der vegen tek slutt og fjorden har vore livsnerven i generasjonar. Her ligg veglause grender, fråflytta gardar og eit kulturlandskap som vitnar om eit liv tett på naturen. Guiden deler forteljingar om kvardagsliv, ferdsle og tilpassing langs fjorden – før og no.
Undervegs vert det fleire stopp der du kan ta inn landskapet i ro og mak, fotografera og oppleva stemninga. Det er òg vanleg å sjå både sel og havørn i desse fjordarmane, som trivst i dei rolege og skjerma områda.