Drevtjørn Ski- og Tursenter

Drevtjørn Ski- og Tursenter

10 min. køyring frå sentrum finn ein det flotte skianlegget Drevtjørn ski- og tursenter.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse

Om

Her er det ei  5 km lang, 5 m brei opparbeidd løype, derav 4 km med ljos, skileikanlegg med 2 små hoppbakkar og nye bygningar. Det er etablert langrenns- og hopputstyr til utlån og i tilslutning til anlegget er det også ei 14 km(t/r) lang turløype. (Solsævegen)

Anlegget ligg 350 – 400 moh, 9 km frå Ulvik sentrum, og er svært snøsikkert.

Torsdagskveldane er det familekveld med vaflar, saft og kaffi på Drevtjørn, med høgt aktivitetsnivå og mykje moro.

Gode frivillige i Ulvik idrottslag sørger for at løypene alltid har god standard og er nytrakka.

Ulvik IL er eit totalt dugnadsbasert lag med over 400 medlemer ( 1/3 av innbuarane i bygda). Vedlikehald, utbygging og dagleg drift med løypekøyring vert gjort på dugnad av medlemene.

 

Kart