Under opphaldet ditt i Ulvik kan ein fort trenge både det eine og det andre. Kanskje bilen stoggar, eller du treng legehjelp? Her er ei hendig oversikt over smått og stort for opphaldet ditt i bygda.
Legekontor, legevakt og apotekvarer
Ulvik legekontor held sentralt til i «Sentrumsbygget» i Skeiesvegen 7. Legekontoret har ope måndag-fredag mellom 8:30 og 16:00. Legevakta utanom opningstidene held til på Voss sjukehus – kontakt 116117 eller 56 53 04 30. Eit utval reseptfrie apotekvarer kan kjøpast på Coop Prix.
Bensinstasjon
Om du treng påfyll av bensin, olje, luft eller anna bilrelatert hjelp, kan du svinge innom Ulvik Bensin og Service i Espelandsvegen 20. Dei har ope måndag-fredag mellom klokka 8 og 16. For dei som kjem med båt, er det serviceanlegg på kaféen Yppal og høve til å fylle drivstoff på tankanlegget på Hjeltneskaia på motsatt side av kaien i Ulvik sentrum.
Lading av elbil
Eviny Døgnåpen ladestasjon, opp til 200 kW Katarinastykket.