Brakanes hotel

Brakanes hotel

I restauranten vår «Draumen «kan du nyte både ureist og kortreist mat og drikke med fantastisk fjordutsikt heile året. Vel noko spanande frå vår à la carte-meny eller finn deg ein godbit frå vår lunsjmeny som byr på alt i frå burger til blåskjell.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Nettside

Om

Dei siste åra har me knytt oss opp til mange lokale produsentar både i Hardanger og i regionen elles. I sommarsesongen trillar me nyplukka grønsaker frå Undeland Gard i Ulvik rett frå åkeren og inn på kjøkenet; det kallar me ureist!

Vi byr òg på selskapsmenyar til festlege høve, hardangerbuffet til større grupper, catering og sjølvsagt jolemat når den tida kjem.

Velkomen til duk og dekka bord på bryggekanten, omkransa av fjord, grøne bakkar og stolte fjell. Me skreddarsyr meny og drikke for inntil 20 personar og byr på råvarer, service og oppleving i perfekt harmoni på bryggekanten i vakraste Ulvik.

Generelle fasiliteter
Sesong

Kart