Ulvik Camping og Hytter

Rett ved fylkesveg 572 og Ulvikfjorden ligg sentrumsnære Ulvik Camping og Hytter. Parker campingvogna, slå opp telt eller finn roen i ei av dei koslege hyttene for eit flott fjordnært opphald i midt i "Perlo". Ta med fiskestanga eller hiv på badebuksene for eit forfriskande bad ved fjordkanten.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Nettside

Om

Ulvik Camping og Hytter ligg sentralt til, rett ved fylkesveg 572 og Ulvikfjorden. Det er plass nok til over 25 campingbilar og mange fleire telt, med straumuttak over heile området. Trådlaust wifi er òg tilgjengeleg på heile campingen. Fasilitetar inkluderer toalett, dusjanlegg og fullt utstyrt kjøkken til disposisjon for alle gjestar. 6 koselege hytter med to køyesenger og eiga verandaplass er of tilgjengelege for leige. Fisk i fjorden eller opp uti for ein forfriskande dukkert i Ulvikfjorden etter ein fin dag i sentrum - 10 minutt unna til fots! 

 

Ved opphald på campingplassen får du i tillegg nytte Hardanger Gjestehus sine tilbod. Send borna bort på leikeplassen eller inn i spelrommet for eit ekstra kjekt oppphald, eller start dagen med ein god frukost i spisesalen til 100 kroner per person.

 

Sesong

Kart