2 web Visit Hardangerfjord - Trolltunga

5 web Tyssedal Hotel
Tyssedal Marvin Kuhr webjpg

Hardanger på sitt beste – frå Trolltunga til historiske hotell

Der fjord møter fjell.

Der fossane brusar og frukttrea blomstrar.

I Hardanger står dei store opplevingane i kø.

Opplev eventyrlege Trolltunga med guide.

Trygt, spektakulært og uforgløymeleg med Trolltunga Adventures.

Etter ein eventyrleg dag i fjellet, ventar badstu, ro og smaken av Hardanger på Tyssedal Hotel.

Hardanger er meir enn berre Trolltunga. Utforsk fjorden, smak prisvinnande dråpar og opplev kvifor regionen er ein favoritt blant turistar frå heile verda.

Nyt fjorden, fjella, historia og kulinariske høgdepunkt på Tyssedal Hotel. Du kjem ikkje til å angra.

Spektakulære naturopplevingar og framifrå komfort nede ved fjorden. Med Trolltunga Adventures som guide og Tyssedal Hotel som base, får du oppleva det beste av to verdenar.

rose

Planlegg den perfekte sommarferien i naturskjønne Hardanger – ein stad som har trollbunde reisande i hundrevis av år med sine spektakulære landskap og rike kulturarv. Utforsk den frodige Sørfjorden og den makelause naturen i Ullensvang, der bratte fjell møter idylliske bygder og ikoniske attraksjonar finst uansett kvar du snur deg.

Midt i dette postkortlandskapet ligg Tyssedal Hotel, eit sjarmerande boutiquehotell med utsikt mot Sørfjorden og dei mektige fjella som kjenneteiknar regionen. Her møter du eit historisk hotell med sjel, der moderne komfort er vevd saman med historie, kunst og arkitektur – og der kvar detalj fortel si eiga historie.

Og det er her eventyret startar. Ein stad der du kan ta eit djupt pust, høyra lyden av fossane og samstundes vera berre nokre minutt unna Trolltunga – den mest ikoniske naturopplevinga i Noreg.

2 web 16x9 Visit Hardangerfjord - Trolltunga Adventures
rose

Eit guida eventyr

Trolltunga er meir enn eit bilete på Instagram – det er ei vandring inn i noko av det mest spektakulære landskapet i Noreg. Turen tek deg frå fjord til fjell, over vidder og bratte parti, før du står der – svevande 1100 meter over Ringedalsvatnet – på sjølve Trolltunga.

Med Trolltunga Adventures får du ei trygg og uforgløymeleg oppleving. Deira erfarne guidar kjenner kvar stein og kvar sving av stien – dei deler lokale historier, viser deg dei beste fotostadene og hjelper deg å få mest mogleg ut av dagen. Turen er krevjande, men belønninga er enorm: nemleg å stå på sjølve Trolltunga og sjå ut over Ringedalsvatnet, omgitt av makelaus natur.

Les også om Celine – erfaren guide og dagleg leiar i Trolltunga Adventures. Ho blei så forelska i Hardanger-naturen at ho flytta til Hardanger!

Tyssedal Hotel ute 1
Tyssedal Hotel ute 2
Tyssedal Hotel ute 3
Tyssedal Hotel ute 4
Tyssedal Hotel mat 2
Tyssedal Hotel mat
rose

Nyt Hardanger på Tyssedal Hotel

Men Trolltunga er eit eventyrleg reisemål som ein bør ta seg god tid til å nyta. Sidan det er såpass mange andre attraksjonar i nærleiken – kombinert med at sjølve turen er ein heildagstur – bør ein ha fleire overnattingar når ein fyrst er i Hardanger og Sørfjorden.

Då er det vanskeleg å ikkje anbefala Tyssedal Hotel - partnarhotellet til Trolltunga Adventures.

For etter ein dag i høgfjellet, er det få ting som slår det å koma tilbake til eit boutiquehotell. Her kan du senka skuldrene i badstua eller jacuzzien - begge med panoramautsikt over fjorden - nyta eit måltid basert på lokale råvarer, og kjenna korleis stillheita frå fjorden tek over etter eventyret på dagtid.

Tyssedal Hotel er ikkje berre ei overnatting – det er ein del av opplevinga. Historia sit i veggane, kunsten fortel om ei svunnen tid, og atmosfæren er både lun og eksklusiv – ein perfekt kombinasjon av kultur, komfort og natur.

rose

Meir enn berre Trolltunga

Etter god mat og ein velfortjent kvil i Tyssedal, anbefalar me at du sjekkar ut alle dei andre opplevingane Trolltunga Adventures har å tilby. Dei tilbyr nemleg ei rekke andre guida eventyr i regionen - frå rolege kajakkturar på Hardangerfjorden til gardsbesøk hjå ulike prisvinnande siderprodusentar i regionen.

Uansett om du ønskjer fart og spenning eller ro og nærleik til naturen, har dei ei oppleving som passar deg.

rose

Eventyret ventar i Tyssedal

Hardanger handlar om kontrastar. Kontrastar mellom det ville og det vakre - det røffe og det raffinerte. På Tyssedal Hotel finn du alt dette samla på ein og same stad. Her møtest fjord, fjell, historie og kulinariske opplevingar – og saman med Trolltunga Adventures skaper dei ei oppleving som sit i lenge etter at du har reist heim.

Så sjekk inn, ta med kameraet – og la Hardanger og vertskapet i Tyssedal gjera resten. Ditt neste eventyr startar her.

Tyssedal Hotel
Overnatting

Tyssedal Hotel

Like ved Kraftmuseet i Tyssedal ligg Tyssedal Hotel. Hotellet ligg også nært Skjeggedal og er dermed er eit godt utgangspunkt dersom du planlegg å ta turen til Trolltunga.

Slottet Apartments
Overnatting

Slottet Apartments

Slottet Apartments tilbyr komfortabel overnatting med fjordutsikt i Tyssedal - ikkje langt unna startpunktet til Trolltunga.

Trolltunga Aparthotel
Overnatting

Trolltunga Aparthotel

Trolltunga Aparthotel er eit sjarmerande leilegheitshotell i Tyssedal - omkransa av stupbratte fjellsider og utsikt til Hardangerfjorden.

Trolltunga Hostel
Overnatting

Trolltunga Hostel

Trolltunga Hostel tilbyr rimeleg overnatting i Tyssedal - ikkje langt unna startpunktet for fotturen til Trolltunga.

Guidet sjøkajakk-tur på Hardangerfjorden
Aktiviteter

Guidet sjøkajakk-tur på Hardangerfjorden

Bli med Trolltunga Adventures på guida kajakktur mellom fossefall, fjell og fjord – og opplev Hardanger frå eit heilt nytt perspektiv. Denne turen tek deg tett på naturen, med roleg padling, mektig utsikt og historier frå ein lokalkjend guide.

Trolltunga Private Camp - Trolltunga Adventures
Aktiviteter

Trolltunga Private Camp - Trolltunga Adventures

Opplev Trolltunga ved solnedgang og soloppgang i privat gruppe og med eigen guide. Trolltunga Adventures legg til rette for ein fantastisk overnattingstur, der naudsynt utstyr og mat er inkludert i prisen.

Mai
20-12
Guida overnattingstur til Trolltunga - Trolltunga Adventures
Aktiviteter

Guida overnattingstur til Trolltunga - Trolltunga Adventures

Opplev Trolltunga ved solnedgang og soloppgang. Guidane i Trolltunga Adventures legg til rette for ein fantastisk overnattingstur, der alt utstyr og mat inkludert i prisen.

Trolltunga vinter med Trolltunga Adventures
Aktiviteter

Trolltunga vinter med Trolltunga Adventures

Opplev Trolltunga om vinteren på ein guida tur med Trolltunga Adventures frå mars til mai!

Trolltunga Autumn Day Hike - Trolltunga Adventures
Aktiviteter

Trolltunga Autumn Day Hike - Trolltunga Adventures

Opplev eit fantastisk hausteventyr på dagstur med Trolltunga Adventures og dei erfarne guidane deira. 

Sjå alle

Fleire reisetips