- Eg forelska meg heilt i den vakre naturen og alle turmoglegheitene rundt

Celine Jessen

I Hardanger ligg fleire av Noregs mest populære fotturar, som Trolltunga og Dronningstien, men det var fleire grunnar til at Celine i Trolltunga Adventures falt pladask for regionen.

rose

Celine Jessen kom til Hardanger for eit kortvarig sommareventyr på Trolltunga, men blei sjølv bergtatt av alt det fantastiske Hardanger har å by på.

Den sprudlande bergensaren stråler når ho snakkar om kor fantastisk det er å ha fjellturar rett utanfor døra. Det som skulle vera fire knappe månadar som guide på Trolltunga blei raskt mykje meir då ho verkeleg vart kjend med Hardanger. I dag, fem år seinare, står ho for den daglege drifta av guideselskapet Trolltunga Adventures og sjølv om mange av Celines arbeidsoppgaver no er administrative er ho framleis stadig på guida turar med eventyrlystne gjester både sommar og vinter. Celine har ein bachelor i marknadsføring og salsledelse og har alltid likt å arbeide med mennesker.

Nbu Q47 AU
rose

- Eg elskar å arbeide tett på andre og skape minnerike opplevingar for dei rundt meg.

Dette kjem tydeleg fram då ho entusiastisk fortel om turane ho har guida til Trolltunga med både norske og utanlandske gjester.

Fullpakka eventyrpakke

Å gå med guide til Trolltunga er ei eventyrpakke proppfull av inntrykk! Ikkje berre får du ei trygg ferdsel til destinasjonen, men du får også ei fullverdig villmarksoppleving saman med entusiastiske og kunnskapsrike guidar. Du blir teken med til skjulte perler langs vegen og kjem tett på den urørte og ville naturen, og veljer du ein overnattingstur får du også toppe opplevinga med både solnedgang og soloppgang ved den spektakulære fjellformasjonen.

rose

Rekordsommar

For Celine og Trolltunga Adventures har sommarsesongen i år vore over all forventning. Fullbooka turar og enorm etterspørsel gjer at dei går inn i det kommande året med ei storsatsing på nye produkt med fleire faste tilsette. Hovedsatsinga for 2023 ligg på det fantastiske vintereventyret Trolltunga Husky walk med deira nye polarguide eventyraren Moa Hunseid og sledehundane hennar.

- Dette er eit produkt me har drøymt om lenge og me gler oss til å la gjestene få oppleve ei snøkledd Trolltunga i fantastisk selskap. Trolltunga om vinteren med lite folk på stien og dei snøkledde omgjevnadene er verkeleg unikt.

rose

Sett av nok tid

Gjestene blir imponert over kor flott det er i Hardanger og kor utruleg mykje ein kan oppleve her. Den urørte naturen og stillheita i kombinasjon med panoramautsikt til fjord, fjell og isbrear set spesielt preg på dei besøkande. Celine opplever at mange av dei besøkande angrar på at dei ikkje har planlagt meir tid i Hardanger. Fleirtalet planlegger gjerne å gå Trolltunga eller Dronningstien for deretter å reise vidare i landet, men når dei fyrst kjem hit og får innblikk i alle moglegheitene som fins her er det derimot mange som vert overraska og som skulle ynskje at dei kunne bli lengre.

Lett tilgjengelig panoramautsikt

For den ultimate Hardangeropplevinga har Celine fleire gode tips på lur. Noko av det unike med Hardanger er at ein ikkje må langt opp i terrenget for å få panoramautsikt og berre eit steinkast unna Trolltunga ligg fleire av Celine sine turfavorittar:

rose

Hardanger After Hike

Eit besøk i Hardanger er heller ikkje komplett utan ein skikkelig After Hike meiner Celine. Å kombinere fjelltur i vakre omgjevnader med lokale smaksopplevingar og avslapning ved fjordkanten set prikken over i-en på Hardangereventyret.

Dette er nokre av Celine sine favorittar etter ein lang dag i fjellet:

rose

- Ferskvaren i Odda sentrum er også ein fantastisk restaurant med nydelig mat og atmosfære. Verkeleg verdt eit besøk, avrunder Celine.

Opplev Hardanger

Trolltunga Husky Hike - Guida tur med Trolltunga Adventures

Den perfekte blandinga av hundekos, fjelltur og utforsking av spektakulær vinternatur! Bli med Trolltunga Adventures og eventyrar Moa Hundseid og hundane hennar på ein fantastisk huskytur til Trolltunga.

Trolltunga vinter med Trolltunga Adventures

Opplev Trolltunga om vinteren på ein guida tur med Trolltunga Adventures frå mars til mai!

Guida overnattingstur til Trolltunga - Trolltunga Adventures

Opplev Trolltunga ved solnedgang og soloppgang. Guidane i Trolltunga Adventures legg til rette for ein fantastisk overnattingstur, der alt utstyr og mat inkludert i prisen.

Lilletopp - Kraftmuseet

Prøv ein kort topptur i Hardanger! Lilletopp i Tyssedal har fantastisk utsikt over Hardangerfjorden. På toppen er det kafé med handverkskaffi, sveler og pølser i brød.

Eidesnuten

Eidesnuten i Odda har fantastisk utsikt over Hardangerfjorden, Sandvinsvatnet og fjellområda rundt.

Jordalsnuten

Jordalsnuten i Odda byr på ei enorm panoramautsikt til majestetiske fjell, Hardangerfjorden, Folgefonna isbre og djupe dalar.

Hanakamb

Hanakamb er fjellturen som har alt: Storslagen utsikt til Hardangerfjorden, majestetiske fjellrekker, Folgefonna isbre, turkist brevatn og grøne dalsider.

Gygrastolen

360 panoramautsikt utover Hardangerfjorden, Folgefonna isbre og Rosendalsalpene frå storslagne Gygrastolen.

Heit Sørfjorden Sauna

Heit Sørfjorden Sauna tilbyr ein dampande sauna og eit friskt fjordbad. Nyt utsikta til fjord, fjell og fonn frå den flotte saunen på Børve, 5,7 km sør for Lofthus. Saunaen står plassert heilt ytst på kaikanten m...

Hardangergutane

Omkransa av fjord, fonn og bratte fjell, finn du garden til Hardangergutane på Sekse i Sørfjorden. Ikkje langt derifrå, i det gamle fruktlageret på Børve, lagar dei eplemost og sider frå lokale kvalitetseple, mogna på...

Sjå alle

Fleire reisetips