Gygrastolen

Gygrastolen

360 panoramautsikt utover Hardangerfjorden, Folgefonna isbre og Rosendalsalpene frå storslagne Gygrastolen.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse

Om

Fottur til Gygrastolen byr på ei fantastisk 360 graders panoramautsikt over Hardangerfjorden, Folgefonna isbre og dei spektakulære Rosendalsalpene. Dette er ein nokså bratt og krevjande tur, men som verkeleg er verd strevet når ein møter den storslagne utsikta på toppen. 

Turen til den 1339 meter høge toppen er 14 km lang og er estimert til å ta om lag 6-8 timar tur retur. Frå Ænes kyrkje tar ein inn på Setervegen og fylgjer denne langs Tverrelva innover dalen. Etter om lag 200 meter tek ein til høgre like før ei bru og fyljer ein traktorveg oppover i skogen. Turen går gjennom variert terreng med både traktorveg, skog, p. Når ein er kome ca. 900 meter over havet kjem ein til eit nytt vegskille kor ein fyljer skiltinga til venstre og kjem inn i Furebergdalen.  Vidare fyljer ein platået i ein bue til terrenget flatar ut ved varden som markerer det høgste punktet, ikkje så langt frå Nibbo som ligg 1330 meter over havet. Det siste partiet er noko bratt Dersom ein ynskjer å gå heilt til toppen på 1339 moh må ein sikre seg med tau då dette er veldig bratt (dette bør berre gjerast dersom ein har brattkort og kompetansen som krevs for å klatre ute). 

 

Start: Ænes kyrkje, ca. 10 minutter med bil frå ferjekaien på Årsnes. Køyr av fylkesveg 500 ved skiltinga mot Ænes kyrkje/Gardsvegen. 

Parkering: Det er gode parkeringsmoglegheiter ved Ænes kyrkje. 

Total stigning: 1330 høgdemeter.

Estimert tid: 6-8 timar.

Sesong: Juli til september.

Sesong

Kart