Jordalsnuten

Jordalsnuten i Odda byr på ei enorm panoramautsikt til majestetiske fjell, Hardangerfjorden, Folgefonna isbre og djupe dalar.

Om

Jordalsnuten med sine 1043 meter over havet er ein av dei spektakulære toppane som omkransar Odda. Majestetisk plassert midt i mellom Buerdalen og Strandfossen langs Sandvinsvatnet får ein spektakulær 360 graders panoramautsikt til fjord, fjell og isbre. Turen startar frå parkeringsplassen ved Strand kor det går bratt oppover med tilrettelagte trappetrinn den fyrste delen. Turen er estimert til å ta om lag 4-6 timar. På venstre side av stien fossar Strandfossen nedover fjellsida og skapar ei mystisk og trollsk stemning. Etter den fyrste oppstiginga kjem ein til stølsområdet Fossasete som ligg ved Fossasetevatnet ca. 505 meter over havet. Vidare herifrå går turen nord for vatnet og slakt oppover til neste stølsområde som heiter Liasete, omkrinsa av Liasetevatnet ca. 647 meter over havet. Etterkvart som ein kjem høgare i terrenget kjem Folgefonna isbre til syne i bakgrunnen av vatnet. Her møter ein eit stiskille kor ein har moglegheit til å gå vidare til Reinanuten eller ned i Buerdalen, eller gå vidare til toppen av Jordalsnuten. Stien til Jordalsnuten går bratt oppover, men etter eit par hundre høgdemetre flatar landskapet meir ut og ein kjem opp på ryggen av Jordalsnuten. Siste del av turen langs ryggen går i jamn stigning til ein når toppen. Med ei panoramautsikt til Sandvinsvatnet, Odda sentrum, Hardangerfjorden og fjellområda mot både Tyssedal og Røldal, og kombinert med utsikta til Folgefonna, Buarbreen og den stupbratte Buardalen er det verkeleg spektakulært. Returen går same veg tilbake ned via Liasete og Fossasete, alternativt kan ein gå ned via Buerdalen. 

 

Start: Strand ved Sandvinsvatnet. Køyr av frå Odda og inn mot Buerdalen. Ved vegkrysset Buer/Strand tar ein av inn mot Strand og køyrer til ein møter parkeringsplassen på Strand på høgre side av vegen. 

Parkering: Gratis parkering ved Strand. 

Total stigning: 1330 høgdemeter.

Estimert tid: 4-6 timar tur/retur. 

Sesong:  Juni-September

Gradering
Sesong

Kart