Guidet sjøkajakk-tur på Hardangerfjorden

Bli med Trolltunga Adventures på guida kajakktur mellom fossefall, fjell og fjord – og opplev Hardanger frå eit heilt nytt perspektiv. Denne turen tek deg tett på naturen, med roleg padling, mektig utsikt og historier frå ein lokalkjend guide.

Booking

Om

Trolltunga Adventures tek deg med på ein guida kajakktur tett på fjorden – omgitt av fossefall, kvasse fjell og eit glimt av Folgefonna i det fjerne. I løpet av 4–5 timar får du sjå den velkjende fjorden frå eit heilt nytt perspektiv, saman med ein erfaren guide som deler historier og kunnskap om naturen og landskapet du padlar gjennom.

Turen passar både for deg som aldri har padla før og deg som har meir erfaring – du får alt utstyr og god opplæring før avreise. Her kan du nyta stilla, kjenna naturkreftene på kroppen og ta med deg minner for livet frå ein av Noregs vakraste fjordar.

Avgang frå Tyssedal, fleire avgangar dagleg i sesongen frå juni til september. Aldersgrense 12 år.

Aktiviteter
Aldersgrense
Båter
Gradering
Natur og terreng
Sesong