3 fjordcruise hardangerfjord hardanger fjord cruise sightseeing
9 fjordcruise hardangerfjord hardanger fjord cruise sightseeing
10 fjordcruise hardangerfjord hardanger fjord cruise sightseeing
12 fjordcruise hardangerfjord hardanger fjord cruise sightseeing
1 fjordcruise hardangerfjord hardanger fjord cruise sightseeing

Fjorden – den vakraste vegen i Hardanger

Opplev Hardanger på fjordcruise med Norled. Denne dagsturen koplar saman heile Hardangerfjorden. Du bestemmer kvar du går av – og kva du vil oppleva langs fjordlandskapet.

Frå Mikkelparken med ungane til siderruta i Ulvik med venegjengen. Eller kva med den spektakulære Vøringsfossen i Eidfjord, eller kulturarven på Hardanger Folkemuseum på Utne? Alternativa er mange – du vel kva som lokkar mest.

Gli gjennom landskapet som har inspirert kunstnarar i generasjonar – frå Edvard Grieg til Tidemand & Gude. Frå dekket forstår du kvifor.

Hardangerfjorden er meir enn ei bygd. Båten gjer det enkelt å sjå fleire på éin dag – eller kanskje gjera det til ein heil ferie.

Frå mai til september går båten dagleg mellom Norheimsund og Eidfjord. Sjekk avgangar – og finn din dag på fjorden.

Fjorden er den vakraste vegen inn i Hardanger-regionen. Bli med Norled på ei reise som tek deg gjennom ulike bygder, frukthagar, fjellsider og fossar som viser kvifor Hardangerfjorden er blant dei mest ynda reisemåla i Noreg.

rose

Det er noko med det. Det å sjå Norges nest lengste fjord – sjølve dronninga av norske fjordar – frå sjøvegen. Det å oppleva landskapet som opnar seg, med stupbratte fjell som reiser seg rett opp frå vatnet, buldrande fossefall og blomstrande frukthagar. Med Norled si båtrute mellom Norheimsund og Eidfjord får du nettopp dette – ein dag som tek deg innom seks ikoniske fjordbygder.

13 fjordcruise hardangerfjord hardanger fjord cruise sightseeing
rose

Båtruta går dagleg frå mai til september, og brukar om lag tre timar frå Norheimsund til Eidfjord. Du kan reisa tur-retur same dag, gå av i ei av bygdene og ta båten attende seinare, eller halda fram innover med bil eller buss frå Eidfjord. Det gir høve til å setja saman dagen – eller heile ferien – akkurat slik du vil.

14 fjordcruise hardangerfjord hardanger fjord cruise sightseeing
rose

Undervegs legg båten til kai i Herand, Utne, Lofthus, Kinsarvik, Ulvik og Eidfjord. Kvar bygd har sine eigne tilbod og si eiga historie. På Utne ligg Hardanger Folkemuseum, med samlingar av folkedrakter, hardingfele og bygningsvern. I Ulvik knyt Frukt- og Siderruta saman fruktgardar og siderprodusentar – den einaste i sitt slag i Noreg. I Kinsarvik finn barnefamiliar Mikkelparken like ved kaien, og fotturen til Husedalen og dei fire fossane er ein dagstur for dei som vil byta båten ut med fjellsko. Innerst i fjorden ligg Eidfjord, med Vøringsfossen og Norsk Natursenter Hardanger.

6 fjordcruise hardangerfjord hardanger fjord cruise sightseeing
rose

Om bord kan du velja mellom å sitja i den oppvarma salongen og nyta utsikta gjennom panoramavindauga, eller gå ut på det opne dekket og kjenna vinden i håret. Det er kafé om bord, og det er god plass både inne og ute.

16 fjordcruise hardangerfjord hardanger fjord cruise sightseeing
rose

Båtruta passar like godt som dagstur som knytepunkt i ein lengre ferie. Du kan starta med ein dag på fjorden, og bruka resten av veka til å utforska Folgefonna, fruktgardane i Ulvik, eller fotturane rundt Trolltunga. På returen frå Eidfjord ligg det inne ekstra tid nær land, der fossar stupar ned i fjorden og havørn og sel iblant viser seg langs fjordsidene.

Båten ligg klar i Norheimsund frå mai til september. Du vel kvar du går av, kva du vil oppleva, og kor lenge du vil bli verande.

Bestill billett på norled.no.

rose
BOOKING:

Kjekke opplevingar med båten som utgangspunkt

Vøringsfossen
Attraksjoner

Vøringsfossen

Opplev Vøringsfossen - den mest kjende i heile Noreg!

Frukt- og Siderruta, Ulvik
Attraksjoner

Frukt- og Siderruta, Ulvik

Frukt- og siderruta i Ulvik forbinder fruktgardane Ulvik Frukt & Cideri, Syse Gard og Hardanger Saft- og Siderfabrikk. Dette er ei lett spasertur frå Ulvik sentrum, og du kan vitja gardane som ligg langs ruta. I tillegg til omvisingar med smaksprøvar, har gardane har utsal av produkta sine - inkludert sider.

Mikkelparken
Aktiviteter

Mikkelparken

Mikkelparken i Kinsarvik er perfekt for barn mellom 1-10 år! Her finn du vatnleikar, klatrejungel, dyrehage, tog og mykje meir.

Fire fantastiske Fossar, Husedalen
Aktiviteter

Fire fantastiske Fossar, Husedalen

Utforsk dei majestetiske Husedalsfossane på ein 3-6 timars tur frå Kinsarvik til Hardangervidda. Stien er godt merka og tilbyr spektakulær natur og varierte ruter.

Dronningstien - H.M. Dronning Sonjas panoramatur
Aktiviteter

Dronningstien - H.M. Dronning Sonjas panoramatur

H.M. Dronning Sonjas panoramatur, betre kjent som Dronningstien i Hardanger, er blant dei mest populære turane i Noreg. Med nydeleg utsikt langs heile vegen, er det lett å forstå kvifor dette er blant favoritturane til H.M. Dronning Sonja.

Hardanger folkemuseum
Attraksjoner

Hardanger folkemuseum

Hardanger Folkemuseum er ein del av Hardanger og Voss Museum og ligg på Utne. I hovudbygget kan du sjå utstillingar av hardangersaum, bunad og folkemusikk. I tillegg kan du også besøkja friluftsmuseum med historiske bygningar som høyrer til folkemuseet.

Haugesenteret
Attraksjoner

Haugesenteret

Olav H. Hauge (1908–1994) er ein av våre fremste lyrikarar og gjendiktarar, og levde heile sitt liv i Ulvik. Ved Haugesenteret kan du bli betre kjend med Hauge si livshistorie og poetiske verk, og oppleva lyrikk i mange former og på tvers av språkgrenser. Museet har opplevingar for både born og vaksne. Senteret ligg vakkert til ved fjorden med utsyn til fjella frå det gamle heradshuset i Ulvik.

Kjeåsen utsiktspunkt i Eidfjord
Attraksjoner

Kjeåsen utsiktspunkt i Eidfjord

Høgt over fjorden, i 600 meters høgd, ligg dei to bruka på Kjeåsen. Du kan både køyre og gå opp for å nyte den spektakulære utsikta.

Sjå alle

Fleire reisetips