Frå visjon til siderrevolusjon – Olav Bleie lagar verdas beste sider

Sider frå Hardanger har eksplodert i popularitet dei siste åra. Olav Bleie & Alde er blant dei som har bana veg og utvikla Hardanger til å verta ein siderdestinasjon stadig fleire vil oppleva.

rose

Olav Bleie byrja med ein visjon om at når ein høyrer ordet «Hardanger», skal ein fyrst tenka på sider – deretter på fjord og fjell. Sidan oppstarten av Alde i 2014, har denne visjonen utvikla seg til å verta ein suksess. Ikkje berre for sideriet til Bleie, men for heile Hardanger. No er nemleg Hardanger på god veg til å verta ein siderdestinasjon som lokkar til seg besøk frå heile verda.

– Det er vanvittig kjekt å sjå at denne satsinga og visjonen bærer frukter. Det er minst like kjekt at det ikkje berre er eg som har suksess, men at kollegane og venene mine opplever det same, seier Bleie.

Generasjonar

Då Bleie flytta heim for å starta med siderproduksjon i 2014, låg Vinmonopolet sine salstal for all norsk sider på om lag 25.000 liter. Dette talet seier deg kanskje ikkje så mykje, men det er like masse som Bleie lagar i 1,5 tank i dag. Kvart einaste år produserer Alde åleine over 100.000 liter med Sider frå Hardanger. I tillegg står sideriet bak om lag 10.000 – 20.000 flasker is-sider og 50.000 – 60.000 flasker eplemost i året. Det har med andre ord vore ei rivande utvikling dei siste ti åra.

– Eg føler meg veldig privilegert som får vera med å bygga dette opp i Hardanger. Målet har alltid vore å utvikla noko som varar – ikkje ei døgnfloge, men med eit tidsperspektiv på mange generasjonar. Noko mine born kan overta når dei er gamle nok.

Olav er langt frå fyrste generasjon som driv garden på Bleie. Frukt- og siderproduksjon lærte han av far sin Lars. Han lærte det igjen lærte av far sin Olav – og slik fortset det i mange, mange år bakover. Sjølv om det er no dei siste åra populariteten har skote til vêrs, er det langt frå eit nytt produkt.

Alde eplemost
Alde Bleie Gard
rose

Fruktig, frisk og «crispy» sider i verdsklasse

Det er også langt frå tilfeldig at dei beste epla og den beste sideren kjem frå nettopp Hardanger. På 1200-talet kom munkane seglande langs kysten av Noreg og inn i dei spektakulære fjordarmane. I Hardanger fann dei eit klima som var ideelt for fruktdyrking av høg kvalitet. Garden på Bleie ligg 1.200 meter under isbreen Folgefonna, og nettopp på grunn av isbreen – i kombinasjon med at fjorden er lang og smal med høge fjellsider på begge sider – gjer at Hardanger og eple er ein så god kombinasjon. Det er faktisk det beste frå to verdenar. Regionen har eit innanlandsklima frå aust, med milde vintersesongar. Dei høge fjella stoppar regnet frå vest, og dette er med på å skapa eit mikroklima som epla elskar.

– Dette fører til at me får blant dei mest fruktige, friske og «crispy» siderane i verda.

Og når ein fyrst er inne på historie og generasjonar, kjem ein ikkje utanom sjølve namnet «Alde». Det er ikkje tilfeldig at nettopp dette er namnet på sideriet til Bleie.

– Alde er eit veldig gammalt ord for eple og frukt. Det er faktisk eit norrønt ord, men det er bevart som stadnamn her på Bleie. Det er difor eg tok dette namnet til sideren min. Det har desse lange linjene som er med på å beskriva sideren i eit historisk perspektiv.

Alde logo i tre
Alde logo i stein
rose

Prisvinnande produkt

Dei aller fleste gardar i Hardanger har på eit eller anna tidspunkt laga sider, men før ei lovendring kom nokre år tilbake, var det ikkje lov å selja dei edle dråpane. Sideren blei difor servert til folk på garden og kjensfolk som kom innom. Dei tidlegaste spora viser at det faktisk var sider-konkurransar i regionen allereie på 1700-talet, men det er fyrst no dei siste åra produksjonen og kvaliteten har nådd nye høgder.

Det er lett å laga sider, men det er utruleg vanskeleg å laga god sider. Bleie og om lag 25 siderprodusentar i Hardanger har dog knekt koden. Fleire av dei kan visa til både nasjonale og internasjonale prisar for sideren sin. Bleie sjølv kan skilta med VM-gull for beste sider – der han vart rangert høgast blant 91 andre produsentar frå 13 land.

Når september kjem, handplukkar Bleie og kollegane eple frå dei stupbratte fjellsidene i Sørfjorden. Epla blir pressa til most, og denne blandar han med sukker og gjær i store ståltankar.

– Etter veldig kort tid, er gjæringa i gang. Då er det ein magisk lyd i lokalet, med bobling overalt.

Nokre veker seinare har gjæren omdanna store deler av sukkeret til alkohol og Co2. Då gjenstår det å kvalitetssikra sideren før han vert filtrert og tappa på flasker.

Les også: Sider frå Hardanger

Siderdestinasjon i utvikling

Nokre månader seinare, viar tusenvis av turistar frå heile verda ferien sin til Hardanger. Regionen har vore eit ynda reisemål i fleire hundre år. Tradisjonelt sett har det vore det frodige fjordlandskapet, isbrear, stupbratte fjell og buldrande fossar – berre for å nemna noko – som har lokka turistane. Slik er det nok framleis for dei fleste som tek turen til regionen, men stadig fleire av dei kjem nettopp på grunn av Sider frå Hardanger. Og om sideren ikkje er hovudårsaka, er det tunga på vektskåla for mange. Ikkje nok med at dei kan oppleva natur som har inspirert store og kjende kunstnarar opp gjennom tidene – no kan dei i tillegg smaka på verdas beste sider i desse makelause rammene.

– Det å vera i dette landskapet, med fjorden her nede og Folgefonna der oppe, i godt selskap og nyta ein kjellarkald og musserande sider i godt lag, er noko stadig fleire vil oppleva.

Sidersmaking Alde Olav Bleie
rose

– Eg merkar at nordmenn kjenner til produkta våre i mykje større grad enn tidlegare. Dei veit kva sider er, har gjort seg opp meiningar på favorittar, men dei vil også smaka på nye produkt. Dei utanlandske turistane er ikkje heilt der enno, men det kjem fleire for kvart år. Reaksjonane er veldig positive, seier Bleie.

Pustar liv i bygdene

I takt med åra, har det vorte stadig vanskelegare å driva gard i Noreg. Det har vorte ein negativ trend der gardsbruk vert lagt ned og folk flyttar inn til byane. Slik har det også vore i Hardanger, men no er ting i ferd med å snu i Sørfjorden og området rundt Alde.

– Det har vore mange bygg med maling som flassar og lys som er skrudd av, men sideren har vore med på å snu denne utviklinga i Hardanger.

Det har vore økonomisk utfordrande å driva med fruktproduksjon, men med den auka interessa for Sider frå Hardanger, vil fleire ta over gardane og starta med siderproduksjon. Fleire og fleire flyttar heim og er med på å halda liv i dei små unike bygdesamfunna ein finn i regionen. Bleie og Alde er eit godt døme på dette, som no har seks årsverk.

– Ein lagar det samfunnet ein sjølv ynskjer å bu i. Det innsatsen eg og andre legg ned, kan gjera ein signifikant forskjell i små bygder. Det skal ikkje meir til at ei pil såvidt peikar oppover før ein får ein positiv spiral. No er effekten og spiralen positiv. Folk snakkar produkta opp og kreative folk flyttar heim. Dette er med på å laga ei positiv framtid og buplass i Hardanger. Det er vanvittig kjekt å vera med på, avsluttar verdsmeisteren frå Bleie.

rose
Visste du at?

Visste du at på lik linje som «Champagne» og «Chablis», er «Sider frå Hardanger» det fyrste norske alkoholproduktet som har oppnådd ei beskytta geografisk nemning? Sideren har ein lett, syrleg og aromatisk eplesmak som kjem av dei gode vekstvilkåra og lange tradisjonar.

Sjå alle

Fleire reisetips