Vik Restaurant, Bakeri & Kafé i Eidfjord kombinerer det beste frå eit internasjonalt kjøkken med tradisjonelle rettar frå Hardanger. Her kan du nyta heimelaga mat og bakst i ein varm atmosfære.
I hjartet av Eidfjord, i det historiske pensjonatet som i generasjonar har vore drifta av familien Vik, finn du Vik Restaurant, Bakeri & Kafé. Her ventar ei varm og koseleg atmosfære, der både lokalbefolkninga og reisande kan møtast over eit godt måltid eller fersk bakst. Staden er eit levande samlingspunkt, der tradisjon møter det moderne, og kvar rett blir til med omtanke.
Kjøkkenteamet på Vik kombinerer smakar frå eit internasjonalt kjøken med kjende, kjære norske rettar. Menyen er ikkje den største, men på alle måtar gjennomført – og dagens rett er alltid basert på dei beste råvarene kokken kan få tak i. I det vesle bakeriet, Vik Bakeri, tryllar dei fram delikatesser som mellom anna økologiske surdeigsbrød, luftige kardemommebollar, den populære baskiske ostekaka og sprø croissantar. Alt er laga for hand med omtanke, og kvar dag kan du bestilla ferske brød, søtbakst og rundstykke frå bakeriet.
For dei som vil ha det vesle ekstra, kan ein nyta Vik sitt eige kjellarbrygga øl, lokal sider eller eit glas frisk eplesaft frå hagen. Kaféen er ein plass der smakar frå verda og lokale tradisjonar møtast, og gjestene blir ønska varmt velkomen inn i denne heimekoselege atmosfæren – ein stad for dei som set pris på god mat, godt selskap, og ei historie som går langt tilbake i tid.