Julestemninga har kome til Hardanger. Her finn du ei samla oversikt over julemarknader, konsertar, lysfestar og andre kjekke førjulsopplevingar i regionen vår.
Førjulstida i Hardanger er noko heilt for seg sjølv. Når nysnøen legg seg i fjellsidene og julelysa vert tent i bygdene våre, vert regionen fylt av store og små førjulsarrangement.
I Hardanger-regionen finn du alt frå intime julekonsertar i historiske lokalar og kulturhus til marknader der lokale produsentar byr fram dei beste smakane og tradisjonane frå området – varme bakverk, eplemost, trearbeid, tekstilar og små, handlaga gåver som er perfekte å leggja under treet, og mykje meir.
Dette er tida der dei små møta og dei nære opplevingane skin sterkast. Difor har me samla årets julearrangement frå heile regionen – slik at du enkelt kan finna alt som skjer i november og desember.
Julemarknaden i Odda fyller sentrum med lys, musikk, mat og aktivitetar for heile familien – fire dagar med ekte julestemning i hjarta av Hardanger.
Velkomen til eit julepynta Skrivarhus! Silje Skare Storhei (toradar) og Anna Margrete E Grønsnes (hardingfele) kjem og underheld oss med fin musikk. Etter konserten vert det mat og sosialt samvær i julepynta stover...
Zimmermann skal på juleturné, og til Lofthus 12. desember! De siste to årene har Zimmermann spilt julekonserter for utsolgte hus i Oslo og Sandefjord. I 2023 stilte han opp alene med gitaren, i 2024 fikk han med s...
Velkommen til siste arrangement i Bornas Kabuso denne hausten – sundag 14. desember kl. 13. Me viser julefilmen Marihønenes jul og det vert juleverkstad med ulike aktivitetar. Marihønene Tim og Mari førebur seg ti...
Hugsamklang har gleda av å invitere deg til julekonsert! Me framfører ei stemningsfull blanding av kjende julefavorittar, duettar, sjølvkomposisjonar, solostykke og mykje anna attåt. Hjarteleg velkomne til konsert 1...
Varm og stemningsfull klassisk julekonsert i Kabuso – kjende tonar, mjuke klangar og eit roleg pusterom i førjulstida.
Tradisjonsrik julekonsert i steinkyrkja i Rosendal – varm brassklang, kjende songar og eit etterlengta pusterom midt i førjulstida.