Jul Buer
Jul 2022 VHF Haara So Me 187 A5962
Jul 2022 VHF Haara So Me 187 A5993
Jul 2022 VHF Haara So Me 187 A6336
Jul på Buer Restaurant

Opplev den magiske førjulstida i Hardanger

I Hardangerfjorden er desember fylt av rein julemagi. Her kan ein nyte varme stunder i nasjonalromantiske omgjevnader og kjenne julestemninga kome snikande.

Førjulstida i Hardanger byr på både varme, sjarm og ro, og i kvar ein krik og krok av Hardanger gjer ein seg klar for å ynskje jula velkomen. I Buerdalen hjå Buer restaurant har snøen lagt seg som eit mjukt teppe over det majestetiske fjell- og brelandskapet, og med direkte utsikt frå restaurantvindauga kan ein nyte fantastiske julemåltid og noko varmt i koppen.

Også i sentrum av den sjarmerande fjordbyen Odda er det julestemning å finne. Innramma av massive fjellsider og eit dryss av puddersnø blir den gamle industribyen forvandla til ein magisk juleby, og overnattar ein på Hardanger hotel er det korte avstandar til det meste.

Vandre langs fjordkanten og få eit glimt av dei ikoniske fargehusa i fjellsida, eller ta ein spasertur gjennom den vesle gågata i hjartet av sentrum. Det er garantert julestemning å finne hjå ein av dei mange lokale forhandlarane i byen.

Hjå Utne Hotel i Sørfjorden rår over 300 år med lokalhistorie, og med utsikt over islagt fjord og fjell så langt auge kan sjå er det vanskeleg å ikkje kome i julestemning også her. Akkompagnert med fantastiske heimelaga julemåltid og varmt vertskap er eit besøk hjå Utne Hotel som å trå inn i ei ekte juleforteljing.

Når desemberdagane senkjer seg over Hardanger, blir regionen innhylla i ei stemning av rein julemagi. Kom og nyt førjulstida i Hardanger.

rose

Hardangerfjorden er kjend for tradisjonar, kvalitetshandtverk og lokalmat, og i førjulstida kjem dette verkeleg til syne. Er du heldig møter du på ei av dei mange julegateopningane i bygdene, eller får moglegheita til å stikke innom dei flotte julemarknadene kor du kan kjøpe alt i frå lokalt pinnekjøt, røykalaks og eplemost til heimestrikka vottar og nissefigurar i tre.

Jul Utne Hotel
Jul Buerdalen
Jul 2022 VHF Haara So Me 187 A6382
Hardangerfjord Hotel Restaurant Glime
rose

Legg ein julebordet i Hardanger får ein ei oppleving av ei smaksreise gjennom regionens rike kulinariske arv. Fleire av hotella og restaurantane byr på julemenyar satt saman av dei beste lokale råvarer, og du finn både pinnekjøt, røykelaks, lutefisk og måltekrem og riskrem på menyane.

Utne hotel og Thon hotel Sandven byr på julemenyar i historiske sjarm, medan Trolltunga Hotel og Hardangerfjord hotel byr på kortreiste råvarer i moderne eleganse, og Siderhuset Ola K skaper ein rustikk førjulsstemning med lokale delikatesser. Det er vanskelig å velje kvar ein skal setje kursen for årets førjulsmåltid, men felles for dei alle er julemåltid i ekte Hardangerstil.

Juletallerken Utne Hotel
rose

Førjulsopplevingane i Hardanger er mange, og anten ein vil nyte deilige måltid i lystig lag eller berre vandre rundt i roa i det naturskjøne vinterlandskapet vil garantert noko av julemagien smitte over på deg også. Velkomen til førjulstid i Hardanger!

Fleire førjulsopplevingar

Buer Restaurant
Servering

Buer Restaurant

Med storslagen utsikt til Buarbreen ligg Buer restaurant idyllisk til i Buerdalen og byr på ei varm, ekte og uhøgtidleg atmosfære. Kokkar med erfaring frå Michelin-restaurantar lagar dei nydeligaste rettar basert på dagsferske lokale råvarer og saman med den spektakulære naturen er eit besøk hjå Buer restaurant ei magisk totaloppleving.

Utne Hotel
Overnatting

Utne Hotel

Det historiske hotellet Utne Hotel frå 1722 har vore i kontinuerleg drift sida det. Hotellet har berre 17 rom, der alle har individuelt, historisk interiør med særpreg og sjarm. Hotellet er perfekt for deg som ser etter autentiske opplevingar .

Siderhuset Ola K
Servering

Siderhuset Ola K

Siderhuset Ola K er ein prisvinnande restaurant i Hardanger med fokus på lokale råvarer, Sider frå Hardanger og vin av høg kvalitet. Nydeleg plassering med fjord og fjell som bakteppe.

Hallvardsnaustet
Servering

Hallvardsnaustet

Hallvardsnaustet kan du leige til arrangement, eller du kan møte opp når det vert arrangert komlemiddag, søndagsmiddag, konsertar ol.

Hotel Ullensvang
Overnatting

Hotel Ullensvang

Midt i Noregs største frukthage ligg Hotel Ullensvang idyllisk ved kanten av Hardangerfjorden i Lofthus. Her kan du ikkje berre nyta vakre rom med fjordutsikt og god mat i restauranten men også badstua med panorama blikk over fjorden og badeanlegget med både innandørs og utandørs basseng.

Thon Hotel Sandven
Overnatting

Thon Hotel Sandven

Thon Hotel Sandven er eit er ærverdig hotell omgitt av historisk sus. Hotellet frå 1857 ligg vakkert til ved fjordkanten i Norheimsund sentrum, vel ein time med bil frå Bergen. Thon Hotel Sandven er tildelt kvalitetsm...

Hardangerfjord Hotel
Overnatting

Hardangerfjord Hotel

Nyoppussa Hardangerfjord Hotel ligg idyllisk til ved fjordkanten i Øystese, berre ein times tid frå Bergen, med fantastisk utsikt mot Hardangerfjorden, fjella og isbreen Folgefonna. Gjestane får oppleva fjord og fjell gjennom heile året, og med variasjonen i årstidene vert det aldri kjedeleg.

Sjå alle

Fleire reisetips