Opningstider i 2026

Kvam turistinformasjon

Kvam Turistinformasjon ligg ved Steinsdalsfossen, ikkje langt unna Norheimsund. Her kan du få hjelp til å planleggja opphaldet ditt i Hardanger — med brosjyrar, kart og råd om opplevingar både i Kvam og resten av regionen.


Her finn du eit utval av lokal mat og drikke frå Hardanger og regionen rundt — som til dømes syltetøy, saft og honning. Kvar dag får du òg ferske bakevarer — som baguettar, vaflar, muffins, lefser og bollar. Det er sitteplassar utanfor, så det er lett å slå seg ned med noko godt etter ein tur til fossen.


Kvam Fruktlager i Øystesehar eit større utval av lokale produkt, og der finn du òg turistinfo. Opningstider: måndag–fredag 08:00–18:00, laurdag 09:00–15:00.


Adresse: Steinsdalsfossen, 5600 Norheimsund

01.06 - 14.06:

Onsdag–søndag: 11:00–16:00
Måndag & tysdag: Stengt

15.06 - 23.08:

Måndag–søndag: 10:00–18:00

24.08 - 30.09:

Onsdag–søndag: 11:00–16:00
Måndag & tysdag: Stengt

Sjå alle

Fleire reisetips