Stader i Hardanger

Velkomen til Kvam

Kvam Herad ligg praktisk plassert midt i Hardangerfjorden og er den fyrste kommunen du kjem til når du kjem frå Bergen. Det gjer kommunen lett tilgjengeleg både med bil og offentleg transport.

Norled Hardangerfjord Sightseeing Norheimsund
Med bil

Kvam Herad ligg berre om lag 1 time vekke frå Bergen med bil, noko som gjer det svært enkelt å koma seg til kommunen.
Køyreavstandar til Norheimsund:

Frå Bergen: 75 kilometer - 1 time
Frå Haugesund: 178 kilometer - 3 timar
Frå Stavanger: 260 kilometer - 4 timar
Frå Oslo: 400 kilometer - 6 timar
Frå Kristiansand: 390 kilometer - 6 timar
Frå Trondheim: 633 kilometer - 10 timar

El-bil ladestasjonar

Norheimsund sentrum

I Norheimsund er det to ladestasjonar for el-bil.
Eviny og Tesla

Øystese:

På parkeringsplassen utanfor Hardangerbadet og Hardangerfjord Hotel har Eviny ladestasjon.

Med buss

Skyss har ansvar for lokale bussruter frå Bergen, på Voss og i Hardanger. Nokre bussruter går heile året, medan andre er kun gyldige i sesong. Sjå Skyss sine heimesider for rutetider og booking.

NOR-WAY tilbyr ekspressbuss-forbindelse mellom Hardanger, Oslo, Sandefjord, Larvik, Kristiansand, Stavanger og Haugesund. Sjå her for rutetider og booking.

Med tog

Tog frå Oslo

Ta toget frå Oslo til Bergen eller Voss, deretter buss til Norheimsund.

Togtider her

Busstider her

Med båt

Norled tilbyr Hardangerfjord Sightseeing mellom Norheimsund og Eidfjord. Båten som korresponderer med buss mellom Bergen og Norheimsund, køyrer også innom Herand, Utne, Lofthus, Kinsarvik og Ulvik. Avreise frå Norheimsund klokka 09 og retur klokka 1815. Rutetider og booking her

Med fly

Bergen og den internasjonale flyplassen Flesland (BGO) ligg om lag 1,5 time unna. Haugesund (HAU) ligg nest nærmast – om lag 3 t og 45 min unna Kvam. Oslo (OSL) ligg ca 6 timar unna.

Koma seg til Kvam

Ruteplanleggar for Noreg

Planlegg heile turen din med offentleg transport på entur.no

Web Oystese 58